SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 67 skann 69

Håkon Bleken: Christian har overblikk 1977. Olje på lerret ■t Natur, miljø og teknologi Natur- og miljødimensjonen har ein sentral plass i læreplanane for faga. Naturen kan vere kjelde til oppgåver og kunnskap, lokal identitet, opplevingar og naturglede. Ein må leggje vekt på innsikt i samanhengane i naturen, i samspelet mellom menneske og natur, og framheve det etiske ansvaret for forvaltninga av naturen. Elevane skal få kunnskap om og innsikt i den teknologiske utviklinga, knytt til utfordringar, avgrensingar og farar som teknologien rommar. Dei må bli kjende med etiske avvegingar som den enkelte og samfunnet blir stilte overfor når teknologien flytter grenser. Helsefremjande arbeid og fysisk fostring står sentralt i læreplanane for faga. Opplæringa skal gi innsikt i samanhengen mellom livsstil, levekår, miljø og helse. Ho skal gjere sitt til at elevane trivst med fysisk aktivitet og friluftsliv og medverke til at dei tek vare på kroppen og utviklar gode helsevanar. SIDI NSIPP OG NINGSLINT
Skann 69 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 67». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/69/