skal danne grunnlaget for ei allsidig utvikling og utfordre og stimulere
både praktiske og teoretiske interesser og evner hos elevane. Ho
skal medverke til at elevane utviklar ein allsidig kompetanse.
Opplæringa skal vere med og utvikle gode arbeidsvanar, evne
til aktiv kunnskapssøking, innsatsvilje og ei ansvarsholdning for å
ta på seg og utføre arbeidsoppgåver. Elevane skal få innsikt i arbeidslivet
og kunnskap om organisasjonane i arbeidslivet. Opplæringa skal
førebu for aktiv deltaking i arbeids- og yrkesliv. Ho skal medverke til
at elevane utviklar sjølvinnsikt og evne til å vere opne for meiningane
til andre, til å vere kritiske og reflekterande og til å kunne
fornye sin eigen kunnskap.
Grunnleggjande kunnskapar og allmenndanning
Læreplanane for faga legg vekt på at elevane utviklar grunnleggjande
kunnskap, dugleik og holdningar, og at dei får del i felles referanserammer
for forståing og tolking. Opplæringa skal utdjupe den
kjennskapen elevane har til nasjonale og lokale tradisjonar, omfatte
kunnskap om andre kulturar og fremje forståing og solidaritet på tvers
av grupper og grenser. Det nordiske, europeiske og globale perspektivet
må fremjast. Opplæringa skal formidle kunnskap og røynsler
frå tidlegare generasjonar og markere historisk forankring og opne
for at ny kunnskap kan endre den etablerte forståinga. Ho må gjere
sitt til å utvikle evna hos elevane til å sjå ulike fag og fagområde i
samanheng og fremje ein allsidig kompetanse.
Opplæringa skal medverke til å utvikle allsidig samfunnsorientering
og aktivt samfunnsengasjement. Elevane treng kunnskap om
sosiale og politiske rettar og plikter og om korleis ulike organisasjonar
og institusjonar fungerer. Opplæringa skal skape eit godt grunnlag
for vidare læring og hjelpe elevane til å meistre arbeids-, familieog
samfunnslivet i framtida ved å stimulere til å møte nye oppgåver
og utfordringar på ein aktiv, konstruktiv og gjennomtenkt måte.
Samarbeid og sjølvstende
Læreplanane for faga legg vekt på sjølvstendig arbeid og på forståing
for samarbeid mellom enkeltpersonar, grupper, folk og nasjonar.
Opplæringa skal fremje demokratiske arbeidsformer og medverke til
at elevane utviklar sosial dugleik. Elevane skal lære å arbeide sjølvstendig
og utvikle evna til samarbeid med andre elevar og med dei
vaksne i skulesamfunnet. Dei skal samverke i arbeidslag og vere med
i felles planlegging, utføring, problemløysing og vurdering av oppgåver.
Evna til å kommunisere skal utviklast slik at dei blir betre i
stand til å uttrykkje tankar, kjensler og meiningar - og til å respektere
og vurdere andre oppfatningar og motførestellingar.
SIDE 66 PRINSIPP OG RETNINGSLINJERSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 66». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/68/