SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 65 skann 67

Samisk kultur og samfunnsliv Samisk kultur og samfunnsliv er ein viktig del av den felles kulturarven som alle elevar i grunnskulen skal ha kunnskap om. Samisk kultur, språk, historie og samfunnsliv er derfor ein del av det felles lærestoffet i ulike fag. Opplæringa for samiske elevar skal sikre dei forankring og tryggleik i sin eigen kultur og utvikle samisk språk og identitet. Samtidig skal opplæringa gi samiske elevar høve til å ta aktivt del i samfunnet og til å skaffe seg utdanning på alle nivå. Noaide med tromme. Illustrasjon fra Knud Leems Beskrivelse over Finmarkens Lapper, deres Tungemaal, Levemåde og forrige Af gudsdyrkelse, København 1767 Skapande evner og kreativitet Den estetiske dimensjonen i læreplanane for faga vil seie at ein legg vekt på skapande verksemd og refleksjon, opplevingar og uttrykk og har ei medviten holdning til kunst og estetikk. Elevane må få oppleve den rikdommen som har nedfelt seg i dei ulike kunstartane. Dei må få kunnskap om og få vidareutvikle symboluttrykk gjennom leik og kunstnarleg formgiving. Opplæringa må gi elevane høve til å utfalde sine eigne skapande evner og vere med og gi dei ei estetisk fostring. Kulturaktivitetar og kulturformidling skal stå sentralt, og skulen skal leggje til rettes for at dei kan medverke i aktivitetar og uttrykksformer som til dømes skulekor, konsertar og teatergrupper. Allsidig og praktisk dugleik Læreplanane for faga legg vekt på praktiske aktivitetar, oppgåver og røynsler og på samanhengen mellom teori og praksis. Opplæringa SIDE 65 PRINSIPP OG RETNINGSLINJER
Skann 67 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 65». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/67/