Grunnleggjande verdiar, kulturarv og identitet
Opplæringa sk
Kr
dommen er ein sentral del av den norske og europeiske kulturarven.
Samtidig er dei humanistiske verdiane, representerte blant anna ved
demokratiske og menneskerettslege prinsipp, ein naturleg og integrert
del av verdigrunnlaget. Samtidig som grunnskulen har ei klar
verdiplattform, skal han vere inkluderande og vise respekt for ulike
kultur-, trus- og verdioppfatningar. Religiøse og kulturelle verdiar er
viktige som ledd i utviklinga av identiteten til barn og unge.
Aage Storstein:
Menneskerettighetene,
1940-49.
Freske i Oslo Rådhus
(detalj)
Har elevane sjølv ein trygg identitet knytt til sin eigen kultur,
møter dei og lettare andre kulturar ut frå målet til skulen om toleranse
og demokrati. Å vere fortruleg med sin eigen kulturbakgrunn
og ha kunnskap om andre kulturar er ein føresetnad for kritisk refleksjon
og for å kunne løyse konfliktar saman. Opplæringa skal fremje
internasjonal forståing og solidaritet på tvers av grenser og må gjere
seg nytte av den kunnskapen og forståinga som minoritetsgrupper
og nordmenn med ein annan kulturell bakgrunn har. Opplæringa
skal motverke diskriminerande holdningar og leggje vekt på verdien
av å høyre saman med andre folk og arbeidet for fred.
Opplæringa skal gi barn og unge del i grunnleggjande demokratiske
rettar som åndsfridom, toleranse, rettstryggleik, trus- og religionsfridom
og organisasjons- og ytringsfridom. Elevane må få innsikt
i og respekt for demokratiske ideal og spelereglar. Elevane skal
øvast opp i demokratisk tenkje- og arbeidsmåte gjennom det daglege
arbeidet i klassen, gjennom representasjon og elevdemokrati. Når
dei får medråderett over og innverknad på læringsarbeidet i skulen,
får dei røynsle med demokratiske arbeidsformer i praksis. Det er og
ein del av oppsedarrolla til grunnskulen å utvikle sosiale holdningar
og evner hos elevane.
SIDE 64 PRINSIPP OG RETNINGSLINJER
iske verdiar. KristenSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 64». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/66/