SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 63 skann 65

Lokalt utviklingsarbeid Gjennom utviklingsarbeid skal skulen ut frå lokale forhold setje i verk tiltak for å fornye si eiga verksemd i høve til dei forpliktande måla og prinsippa i læreplanverket. Arbeidet må sikre heilskapen og breidda i måla for opplæringa og gjere sitt til at skulen utnyttar det rommet for handling og tilpassing som læreplanverket gir. I utviklingsarbeidet er skulebasert vurdering eit viktig ledd. Utviklingsarbeidet skal medverke til at leiinga, lærarane og elevane samarbeider om verksemda i skulen. Det gir grunnlag for å justere kursen dersom ein ikkje tek godt nok vare på fastsette mål og prinsipp. Det faglege og pedagogiske utviklingsarbeidet skal særleg ta sikte på at elevane utviklar seg i eit godt læringsmiljø. Lokalt utviklingsarbeid omfattar fleire sider ved arbeidet i skulen og må ta utgangspunkt i dei rammene som læreplanverket set og i lokale forhold. Som ledd i det lokale arbeidet med læreplanverket kan kommunane definere satsings- og utviklingsområde for skulane. LÆREPLANAR FOR FAG INNHALD OG OPPBYGGING Innhald Læreplanane for faga tek opp i seg og byggjer på det verdigrunnlaget og det kulturelle grunnlaget som er nedfelt i formålsparagrafen og i den generelle delen av læreplanen. I utforminga av eit felles innhald i læreplanane for faga er det lagt vekt på at opplæringa skal fremje • det meiningssøkjande mennesket (grunnleggjande verdiar, kulturarv og identitet) • det skapande mennesket (skapande evner og kreativitet) • det arbeidande mennesket (allsidig og praktisk dugleik) • det allmenndanna mennesket (grunnleggjande kunnskap og allmenn danning) • det samarbeidande mennesket (evne til samarbeid og sjølvstende) • det miljømedvitne mennesket (kunnskap og medvit om natur, miljø og teknologi) Det overordna utgangspunktet er at opplæringa skal stimulere utviklinga av heile mennesket - det integrerte mennesket. SIDE 63 PRINSIPP OG RETNINGSLINJER
Skann 65 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 63». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/65/