SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 62 skann 64

Slik kan kontakten mellom skulen og lokalsamfunnet utdjupast. Det bør vere rom for besøk og praksis i arbeidslivet. Frå organisasjonslivet kan skulen hente lærestoff og gi elevane høve til deltaking, aktivitet og ansvar. Det er viktig for lokalsamfunnet at det blir lagt til rettes for variert og allsidig bruk av skuleanlegget, slik at det kan vere ein samlingsstad for ulike kultur- og aktivitetstilbod. Skulefritidsordninga får større variasjon og breidd gjennom samarbeidsordningar med kultur og fritidstiltak i lokalmiljøet. Rådsorgana i skulen bør yte sitt i ein sams innsats for å utvikle oppvekstmiljøet for barn og unge og for å få dei med i eit fellesskap som rommar varierte aktivitetar. Ulike sektorar i kommunen, mellom dei skulen, bør samarbeide og leggje til rettes for at elevane får ta del i den kommunale planlegginga som gjeld barn og unge. Samarbeid i skulen Samarbeid mellom elevar, lærarar og skuleleiing er nødvendig for å utvikle skulen som læringsmiljø og arbeidsplass. Skal elevane komme med i eit sosialt, fagleg og kulturelt fellesskap og få utfordringar etter føresetnader og interesser, må personalet samarbeide. Det må utviklast gode og tillitsskapande samarbeidsformer mellom elevane og dei vaksne i skulen. Samarbeidet mellom dei vaksne må vere eit førebilete for elevane. Planlegging, gjennomføring og vurdering av den samla verksemda i skulen krev felles innsats. Alle som har sitt virke i skulen, må ta del i dette arbeidet, lære av kvarandre og koordinere innsatsen. Samarbeidet er med på å utvikle og kvalitetssikre læringsmiljøet. Opplæringa må leggje vekt på å styrkje samarbeids- og samhandlingsevna til elevane både i formelle og uformelle samanhengar. Når elevane arbeider saman, lærer dei av kvarandre. Dei utviklar sosial dugleik og får innsikt i demokratiske arbeidsformer. Gjennom å uttrykkje tankar og meiningar, drøfte idear og lytte til synspunkta til andre lærer elevane å kommunisere. Gjennom samarbeid skal dei lære å planleggje og fordele oppgåver, finne svar på utfordringar og vurdere resultatet av innsatsen. Samarbeid mellom elevane må derfor stå sentralt i aktivitetane i skulen. Samvær mellom aldersgrupper er ei kjelde til gjensidig læring, omsorg og ansvarskjensle. Skulefritidsordningane gir eit rikt høve til å styrkje samarbeidet mellom barn i ulike aldrar og med ulike føresetnader. Skulen bør samarbeide med barnehagane for å skape ein god overgang mellom dei to institusjonane. Ein god overgang frå grunnskulen til vidaregåande opplæring føreset og gjensidig informasjon og praktiske samarbeidstiltak. SIDE 62 PRINSIPP OG RETNINGSLINJER
Skann 64 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 62». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/64/