Dans
Elevane skal utvikle dugleik i ulike danseformer
for å auke forståinga for uttrykk og
tradisjon i ulike kulturar. Dei skal tileigne
seg kunnskap om dans som treningsform
og uttrykksform gjennom positive røynsler.
Friluftsliv
Elevane skal utvikle kunnskap om og dugleik
i friluftsliv som byggjer på lokale og
nasjonale tradisjonar i ulike miljø. Elevane
skal få naturopplevingar og lære å respektere
og ta vare på naturen.
Hovudmoment for 8.-10. klasse
M M 8. klasse
Fysisk aktivitet og helse
I opplæringa skal elevane
gjennom allsidig fysisk aktivitet få positive
opplevingar som aukar medvitet om kroppen
og styrkjer oppfatninga av dei sjølve
lære om val av funksjonelt utstyr og klede
gjennom fysisk aktivitet tileigne seg kunnskap
om trening av dei fysiske kvalitetane
uthald, styrke og rørsleevne
lære å forstå kor viktig rett bruk av kroppen
er i skule og arbeid, til dømes ergonomi
Idrett
I opplæringa skal elevane
få praktisk røynsle med og utvikle kunnskap
om minst to lagidrettar og to individuelle
idrettar, som motivasjon for vidare
arbeid
arbeide for å utvikle funksjonelle rørslebaner
i dei individuelle idrettane og lagidrettane
som klassen sjølv har valt
bli kjende med det lokale idrettstilbodet
Dans
I opplæringa skal elevane
- lære dansar som har rot i ungdomskulturen
- utvikle dugleik i og kunnskap om folkedans
og gammaldans, både norske og utanlands-
ke
- arbeide med kreativ dans og danseteknikkar,
til dømes jazzdans og afrikansk dans,
for å få positive røynsler med kroppen som
uttrykksmiddel
Friluftsliv
I opplæringa skal elevane
- tileigne seg kunnskap om og få røynsle med
ulike måtar å bruke nærmiljøet på
- få røynsle med turar på berrmark og snø,
til dømes fottur, skitur, sykkeltur, skeisetur
- lære livberging i vatn
- øve seg i å nytte klede som flytemiddel,
kunne livbergingshopp, ilandføring, løft på
land, hjartekompresjon og fullstendig hjarte
og lungeredning
■ ■ 9. klasse
Fysisk aktivitet og helse
I opplæringa skal elevane
- individuelt eller i gruppe lage og gjennomføre
eit enkelt opplegg for eigentrening som
varer minst 4 veker, min 1 time på skulen
og min 1 time heimearbeid per veke, med
kort forklaring, til dømes aktivitetslogg, av
treningsøktene, søvn, kvile og andre røynsler
undervegs slik at dei kan utvikle kunnskap
om kroppen
- få kjennskap til forebygging av ulykker og
praktisk røynsle med førstehjelp
lære om korleis rusmiddel, tobakk og ulike
medikament verkar på yteevna til kroppen
SIDE 273 KROPPSØVINGSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 273». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/279/