Idrett
I opplæringa skal elevane
- arbeide med å meistre aktuelle aktivitetar
teknisk og taktisk for å få positiv oppleving
av eigen idrettsaktivitet
- øve seg i å kunne sjå fellestrekk og skilnader
mellom idrettar og finne ut korleis aktuelle
idrettar påverkar dei fysiske kvalitetane
uthald, styrke og rørsleevne
- øve seg i å finne ut korleis dei sjølve må
trene for å vedlikehalde eller auke dugleiken
i aktuelle idrettar
- gruppevis planleggje og leie delar av kroppsøvingstimar
Dans
I opplæringa skal elevane
- utvikle kunnskap om og dugleik i samværsdansar,
både lokale, nasjonale og utanlandske,
og dansar med rot i ungdomskulturen
- arbeide med kreativ dans og danseteknikkar
for å få røynsle med dans som treningsform
og kunstnerisk uttrykk
Friluftsliv
I opplæringa skal elevane
- oppleve kontakt og nærleik med naturen
gjennom å planleggje og gjennomføre ein
tur med overnatting i naturmiljø
utvikle forståing for kor sårbar og sterk naturen
er
lære å ta ut og følgje kompasskurs og orientere
seg i terrenget ved hjelp av turkart
■ ■ 10. klasse
Fysisk aktivitet og helse
I opplæringa skal elevane
arbeide med problematikk omkring livsstilssjukdommar
og samanhengar med fysisk
aktivitet/inaktivitet
- skaffe seg kjennskap til fysisk aktivitet i eit
rehabiliterande perspektiv
- lære å forstå kor viktig det er å utvikle eit
positivt kroppsbilete og årsaker til og følgjene
av eteforstyrring
- få innblikk i den psykiske og fysiske verknaden
av doping og lære om forhold som
fører til dopingbruk, og vurdere den etiske
sida ved dette
Idrett
/ opplæringa skal elevane
- gjennom gruppearbeid med minst ein lagidrett
få høve til å vedlikehalde eller utvikle
sin eigen dugleik og auke kunnskapen
om ulike treningsmetodar
-gjennom gruppe-/eller individuelt arbeid
med minst ein individuell idrett/idrettsleg
aktivitet, få høve til å vedlikehalde eller
utvikle sin eigen dugleik og auke kunnskapen
om ulike treningsmetodar
- gjennom praktisk røynsle utvikle etisk medvit
i forhold til idrettsleg aktivitet
- gruppevis planleggje og leie kroppsøvingstimar
med utgangspunkt i sine eigne idrettslege
røynsler og/eller lokale, nasjonale
og internasjonale idrettstradisjonar
Dans
I opplæringa skal elevane
- prøve ut eigne dugleikar og idear gjennom
å lage eigne dansar
- ta aktivt del i å utvikle dansekomposisjonar
og presentere dei for andre
- utvikle forståing av dans som uttrykksmiddel
gjennom vurdering av sine eigne og
andre sine arbeid
Friluftsliv
I opplæringa skal elevane
- få røynsle med å vere ute om vinteren
SIDE 274 KROPPSØVINGSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 274». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/280/