- få høve til å sanse og oppleve naturen ut av og deltaking i eit utval leikar, idrettar og
frå eige initiativ og bli oppmuntra til å ve- danseformer og tileigne seg større dugleik
re i naturen i fritida
■ ■ 6. klasse
Kroppsmedvit og rørsleglede
I opplæringa skal elevane
- bruke dugleiken sin i leik, dans, idrett og
friluftsliv som utgangspunkt for enkel analyse
av samansette rørsler gjennom arbeid
med ruller, løp, hopp, kast og spark og gjennom
arbeid med balanse, rotasjonar, sats og
landing
- bruke dugleiken sin i leik, dans, idrett og
friluftsliv til å utvikle kunnskap om variasjon
av plassering av tyngdepunkt og storleiken
på støtteflater
- utvikle glede over og forståing for sine eigne
og andre sin måte å løyse ulike rørsleoppgåver
på
- arbeide med å meistre livbergingsteknikkar
i vatn
Samarbeid og sosialt samvær
I opplæringa skal elevane
- lære å ta ansvar innanfor friluftsliv, leik,
idrett og dans, slik at alle elevar får delta ut
frå sine føresetnader
- gruppevis få delansvar for planlegging og
gjennomføring av turar i naturen
- arbeide i stadig nye par- og grupperelasjonar
i leik, idrett og dans for å utvikle toleranse
for dei sterke og svake sidene til kvarandre
arbeide vidare med dramaaktivitetar for å
kunne bruke kroppen som uttrykksmiddel
Idrett og dans
I opplæringa skal elevane
opparbeide grunnleggjande dugleikar slik
at dei kan nytte desse kreativt i utforming
SIDE 271 KROPPSØVING
på dei enkelte områda
- ta aktivt del i og få kjennskap til grunnleggjande
reglar i to lagidrettar - minispel, både
inne- og uteaktivitet, og praktisere to
individuelle idrettar tilpassa eigne føresetnader
- trene på ein symjeart på rygg og ein på bryst.
Kan leggjast til 5. eller 7. klasse
- få øving i å lage enkle dansar med utgangspunkt
i ulike typar musikk
- lære eit utval av internasjonale og nasjonale
dansar
Ut i naturen
I opplæringa skal elevane
- gjennom turar og opphald i naturen utvikle
evna til å oppleve, tolke og forstå teikna
i naturen, til dømes vérteikn, maurtuer og
elveløp
- gjennom opphald i naturen og/eller på andre
måtar utvikle kjennskap til samiske kulturtradisjonar
- vere med på minst ein overnattingstur, til
dømes i telt, lavvo, gapahuk, om hausten/
våren og få praktisk røynsle med val av leirplass,
bål, og enkel matlaging, førstehjelp,
val av klede og anna turutstyr
- gjennom leirskule eller på andre måtar få
røynsle med å vere i naturen. I 6. klasse eller
om hausten/vinteren i 7. klasse
MM 7. klasse
Kroppsmedvit og rørsleglede
I opplæringa skal elevane
- vidareutvikle funksjonelle måtar å bruke
kroppen på i skule og arbeid, til dømes ergonomiSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 271». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/277/