Elevane skal oppleve glede og spenning ved
å meistre stadig nye utfordringar i leikprega
fysisk aktivitet.
Ut i naturen
Elevane skal få opplevingar i naturen og
lære om samspelet mellom menneske og
natur før og no. Dei skal tileigne seg dugleik
i å ta vare på seg sjølve i naturen og
utvikle omsorg for naturmiljøet.
Hovudmoment for 5.-7. klasse
■ ■ 5. klasse
Kroppsmedvit og rørsleglede
I opplæringa skal elevane
prøve ut ulike måtar å bruke kroppen sin
på gjennom leikar som utviklar uthald, styrke
og rørsleevne
utvikle skaparevne gjennom leik, kreativ
dans og enkle dramaaktivitetar
utvikle forståing for utviklinga av kroppen
generelt for å få kunnskap om menstruasjon
og andre kroppslege endringar i samband
med puberteten og fysisk aktivitet
lære å respektere eigne og andre sine fysiske
føresetnader ut frå skilnad i vekst og mognad
og utvikle glede over å røre seg
lære om personleg hygiene i samband med
fysisk aktivitet
Samarbeid og sosialt samvær
I opplæringa skal elevane
arbeide med å meistre grunnleggjande dugleik
innanfor friluftsliv, leik, idrett og dans
slik at dei kan nytte desse i ulike former for
samarbeid
-bli kjende med moglegheitene for friluftsliv,
leik, idrett og dans i lokalmiljøet
- arbeide med dramaaktivitetar for å utvikle
evna til å gi uttrykk for kjensler og stemningar
gjennom rørsler
Idrett og dans
I opplæringa skal elevane
- arbeide med allsidige leikprega aktivitetar
som førebuing til å lære eit utval lagidrettar,
individuelle idrettar og dansar
- bruke fantasien for å utvikle allsidig bruk
av ball og dugleik i rørsle på golv og i apparat
i samband med sats, landing, rulle,
rotasjon og tyngd på ulike kroppsdelar
- gjennom eksperimentering og kreativt samarbeid
utvikle dugleik i hopp, løp og kast
- utvikle rytme og kreativitet gjennom arbeid
med songleikar, nasjonale og internasjonale
folkedansar og kreativ dans. Eventuelt
symjing, sjå 6. klasse
Ut i naturen
/ opplæringa skal elevane
- få røynsle med dagsturar og opphald i ulike
miljø med tanke på å lære om kva ver,
klede, matlaging og utstyr har å seie når ein
er ute til ulike årstider
- tileigne seg kunnskap om og få røynsle i
kva dei skal gjere dersom ulykka er ute, til
dømes fjellvit, sjøvit, førstehjelp
- tileigne seg grunnleggjande kunnskap om
og røynsle i bruk av kart og kompass
- der det er mogleg, arbeide med ski- og skeiseteknikk
gjennom regel-leikar, dansar og lagarbeid få -lære å vere merksame på det som er om-
røynsle med samarbeid på tvers av alder, fysiske
og psykiske føresetnader, kulturbakgrunn
og kjønn
kring dei når dei er ute i naturen
SIDE 270 KROPPSØVINGSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 270». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/276/