SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 268 skann 274

utvikle evna til å vere saman med andre gjennom ulike oppgåver som krev fysisk kontakt og andre aktivitetar som krev samarbeid Leik - kultur / opplæringa skal elevane erfare korleis ein bruker kroppen i høve til andre i vilter leik både ute og inne ved å delta i eg-du-og-vi-leikar, til dømes jage- og kampleikar, gi og få styrke øve på å følgje reglar og innordne seg ved å delta i ulike regel-leikar, songleikar, songdansar, og dansar få tid og høve til fri leik slik at dei kan utvikle fantasien og lage nye, eventuelt bruke allereie innlærde leikar og dansar på sin eigen måte Nærmiljø og natur I opplæringa skal elevane få høve til å oppleve samspelet mellom menneske og natur ved å vere mykje ute utforske naturen og møte dei utfordringane naturen gir til alle årstider gjennom aktivitetar som til dømes klatring, balansering, smyging, aking, ski og skeiser stimulere sansar ved å oppleve naturen i all slags ver nytte naturen til leik og dramaaktivitetar M M 3. klasse Sansemotorikk / opplæringa skal elevane arbeide kvar dag med grunnleggjande rørsler som varierer ved hjelp av arbeid med kontrastar og omgrep som til dømes rask - langsam, sterk - svak, stor - liten og høgt - lågt arbeide med slike kontrastar i høve til seg sjølve og andre, ulike typar ballar, andre småreiskapar og apparat i gymnastikksal, ute i naturen og i vatn - øve seg i å bli trygge i vatn og symje slik at dei kan berge seg sjølve. Kan leggjast til 4. klasse - utvikle god samordning av sansar og motorikk ved å arbeide med oppgåver som fokuserer på sansing i ulike typar aktivitet Eg og dei andre I opplæringa skal elevane - arbeide med kontaktøvingar som å lytte på og ved å ta tak i og på kvarandre for å uvikle respekt for og medvit om sin eigen og andre sin kropp og grenser -gjennom leik og andre former for fysisk aktivitet utvikle kunnskap om oppbygginga av kroppen, til dømes skjelett, musklar, hjarte, lunger, hud Leik - kultur I opplæringa skal elevane - øve seg i å organisere leik og drive leik vidare ved å få røynsler frå tradisjonsleikar og leikar der dei lagar reglar sjølve - få røynsle med enkle tradisjonsleikar, songar og dansar frå foreldre- og besteforeldregenerasjonen - lage enkle leikar, spel og dansar sjølve Nærmiljø og natur / opplæringa skal elevane - vere ute i terrenget til ulike årstider, slik at dei får røynsle med å røre seg og leike på ulike typar underlag - øve seg i å sjå moglegheitene eit naturområde byr på til aktivitet gjennom utforsking og leik - kunne prøve ut grunnleggjande aktivitetar i orientering SIDE 268 KROPPSØVING
Skann 274 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 268». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/274/