desse, til dømes pardansar som swing, tan-
Louis Armstrong, Elvis Presley, Beatles og
go og individuelle dansar som breikdans Jan Garbarek
- øve seg i å syngje og spele einstemt og fleirstemt
i ulike grupper og band, og øve seg i
å meistre sjølvstendige stemmer og soloinnslag
- øve seg i å syngje og spele innanfor populære
sjangrar og stilartar, mellom anna blues,
jazz, pop og rock, og prøve sentrale instrument
og verkemiddel i desse musikkformene,
mellom anna slagverk, elektrisk gitar og
bass og mikrofonsong
- arbeide med framsyningar som integrerer
ulike kunstformer og fleire skulefag
Komponere
I opplæringa skal elevane
-komponere ved å bruke tone, rytme og
akkordmateriale frå populære stilartar og
sjangrar, slik at dei blir kjende med sentrale
element og kan gjere seg nytte av teknikkar
herifrå, til dømes bluesskjema, bluesskala,
riff, bru og rap
- prøve enkel, stilrett, melodisk og rytmisk
improvisasjon, mellom anna med utgangspunkt
i dur/moll og pentatonikk
- lære å bruke musikk og data med tanke på
komposisjon og arrangering
- øve seg i å ta vare på komposisjonane sine
med tradisjonell notasjon, mellom anna
melodi med enkel besifring
- planleggje framføringar eller konsertar med
basis i sjølvkomponert musikk og dans over
eit tema eller i tilknyting til tiltak på skulen
eller i nærmiljøet
Lytte
/ opplæringa skal elevane
-bli kjende med musikk av sentrale komponistar
og utøvarar i afroamerikansk musikktradisjon
som rock og jazz, mellom andre
SIDE 248 MUSIKK
- få kjennskap til sentrale sider ved afroamerikansk
musikktradisjon og korleis han har
nedfelt seg i norsk og samisk musikkultur,
til dømes hos Mari Boine, slik at dei kan vise
at dei har opplevd og forstått gjennom
framføringar og samtalar
- arbeide med å skilje med aukande nyansering
innanfor musikkelement som melodi,
rytme, klang, dynamikk og harmonikk,
mellom anna i tilknyting til lytting til musisering
av medelevar
- få oppleve og bli kjende med korleis dans,
rørsle og uttrykksformer knytte til drama er
ein integrert del av ulike former for musikk
og scenekunst
-få øving i å vurdere og verdsetje eigne
og andre sine komposisjonar og musikkuttrykk
gjennom å samtale om korleis musikk
og tekstelement, dans og rørsle, spele- og
syngjemåte og ulike effektar er brukte
■ ■ 10. klasse
Musisere og danse
I opplæringa skal elevane
- få kjennskap til eit breitt repertoar av songar,
annan vokal aktivitet og dansar, slik at
dei kan musisere saman med andre med
innleving og musikkglede
- samarbeide om praktiske musikk- og danseprosjekt
der dei får vist brei kunnskap om
ulike musikkformer og musikkelement
gjennom språk og andre utrykksformer, til
dømes kollasj, revy og musikkdramatiske
spel. Dei skal gjennomføre slike prosjekt på
skulen og utanfor skulen, til dømes på institusjonar
for eldre
- øve seg i å leie musikk- og danseframføring
i/med ei gruppeSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 248». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/254/