SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 249 skann 255

arbeide med kunstformer og produksjonar som nyttar moderne teknologi, og som integrerer musikk, song og dans med andre fagområde Komponere I opplæringa skal elevane utforske og leike med eit breitt spekter av klangar, rytmar, melodiar og strukturar øve seg i å komponere og arrangere med utgangspunkt i rytmiske, harmoniske og melodiske mønster, motiv og vendingar som er henta frå ulike sjangrar vurdere og ta i bruk eit breitt utval av lydkjelder, akustiske og elektroniske, som utgangspunkt for eigne komposisjonar og enkel arrangering øve seg i å improvisere til dømes med basis i enkle akkordsamansetjingar studere korleis komponistar noterer ned komposisjonane sine, og korleis notasjonsformer er ulike i ulike sjangrar, som folkemusikk, kunstmusikk, jazz og rock, slik at dei kan vise kunnskap om dette i arbeidet med å notere ned sine eigne musikkuttrykk og komposisjonar Lytte I opplæringa skal elevane øve seg i å lytte aktivt til eit breitt utval av musikk frå ulike tider og frå ulike sjangrar og kulturar og vise denne kunnskapen språkleg og gjennom andre aktuelle arbeids- og uttrykksformer, mellom anna dans og drama øve seg i å argumentere for og grunngi eigne musikkval baserte på musikalsk kunnskap og sjølvinnsikt og ein naturleg kjennskap til musikalsk fagspråk lære om grunnleggjande trekk ved utviklinga av ulike musikkformer gjennom tidene i sosiale, kulturelle og historiske samanhengar, og øve seg i å vise musikalsk skjønn i framføringar og drøftingar - bli kjende med korleis musikk ofte er ein innvevd del av andre kunst- og samfunnsuttrykk, mellom anna i medium og film, og øve seg i å vurdere korleis musikk framstår som ei formande og styrande kraft i slike samanhengar SIDE 249 MUSIKK
Skann 255 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 249». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/255/