SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 246 skann 252

- arbeide med å skrive ned komposisjonane sine med grafisk eller tradisjonell notasjon - øve seg i å lage musikkstykke til dansar og dansar til musikkstykke dei har laga og tenkt ut sjølve - øve seg i å komponere med utgangspunkt i stiltrekk frå historisk musikk og samanlikne eigne komposisjonar med slik musikk - øve seg i å gjennomføre prosjekt der arbeid med eigenkomponert musikk og dans er ein integrert del, mellom anna knytt til historiske tema Lytte I opplæringa skal elevane utforske korleis tid og stad kan vere med og forklare særdrag ved ulike musikkformer, samtale om og vurdere korleis musikk kan verke på oss, mellom anna musikk knytt til religion og ritual, til ulike ideologiar og reklame og musikk frå ulike historiske periodar undersøkje samansetjing og oppbygging av dei vanlegaste orkester og grupper innanfor historisk musikk, slik at dei kan skilje desse frå kvarandre ved lytting, bli kjende med musikk frå ulike stilperiodar, til dømes gregoriansk song og renessansemusikk, slik at dei mellom anna kan bruke denne kunnskapen i arbeid med komponering og ulike tverrfaglege tema undersøkje korleis komponistar frå eldre tider har brukt musikkelement og formprinsipp som treklangar, dynamikk, symmetri, tekst og melodi, og instrumentasjon for å formidle ulike musikalske meiningar lytte til og undersøkje musikk av sentrale norske og utanlandske komponistar, mellom andre Edvard Grieg, J.S. Bach, Wolfgang A. Mozart og Ludwig v. Beethoven - delta aktivt i prosjekt og framføringar der musikklytting er ein vesentleg del, og der elevane får vist korleis dei forstår og opplever ulike typar historisk musikk gjennom ulike uttrykksformer, til dømes dans og drama Mål for ungdomssteget, 8.-10. klasse Musisere og danse Elevane skal tileigne seg eit song-, danseog musikkrepertoar som gir innsikt i samtida og oppleving av ei fleirkulturell verd. Dei skal utvikle evna til å ta ansvar for å planleggje, øve inn og gjennomføre framføringar og konsertar med song, samspel og dans. Komponere Elevane skal utvikle evna til å arbeide med musikalske idear innanfor ulike musikalske former, sjangrar og stilartar. Dei skal oppøve evna til å vurdere og korrigere eigne komposisjonar og formidle dei til andre. Lytte Elevane skal kunne identifisere og skilje med aukande nyansering innanfor dei ulike elementa i musikken. Dei skal utvikle evna til å lytte med ope sinn til eit breitt utval av musikk med aukande kompleksitet og øve seg på å bruke kritisk sans og musikalsk skjønn. Gjennom aktiviserande uttrykks- og arbeidsformer skal dei bli kjende med og vise kunnskap om utviklinga og mangfaldet i musikkformer, sjangrar, tradisjonar og kulturar. Hovudmoment for 8.-10. klasse ■ ■ 8. klasse Musisere og danse I opplæringa skal elevane - lære songar og viser, særleg med vekt på vår eiga samtid og på folkeleg kultur, mellom anna arbeidarsongar og sjantiar SIDE 246 MUSIKK
Skann 252 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 246». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/252/