■ ■ 4. klasse
Musisere og danse
/ opplæringa skal elevane
lære songar frå ulike kultur- og livsområde,
mellom anna skillingsviser, joik og songar
knytte til samisk kultur, songar frå andre
land og kulturar, og songar av fleire kjende
forfattarar og komponistar
øve seg i å formidle songtekstar og songinnhald
i dramatisert form, mellom anna gjennom
syngjespel, dokketeater og rollespel
få øving i medviten stemmebruk, og gjennom
song og tale kunne utvikle eit reflektert
forhold til ulike typar tekstar, og øve
seg på å musisere i gruppe, mellom anna
gjennom kanonsong og talekor
øve seg i å spele ei sjølvstendig stemme,
rytmisk og melodisk etter gehør og enkelt
akkompagnement i ei gruppe
idi oppleve korleis musikk kan vere ein integrert
og meiningsfull del av temaarbeid,
og korleis musikk, song, dans og drama kan
vere med på å skape eit positivt skulemiljø
gjennom felles framføringar og musikalsk
arbeid på tvers av fag, klassar og alderssteg
Komponere
I opplæringa skal elevane
øve seg på å lage melodiar til enkle tekstar,
mellom anna ved gjentaking av små motiv
og rytmemønster
øve seg på å formidle og framføre små melodiar,
songar og dansar, og musikkstykke
dei har laga, øve seg i å vurdere og verdsetje
eigne og andre sine dansar og komposisjonar
- arbeide med å setje saman komposisjonar
i lyd og rørsle, mellom anna ved gjentaking
av ulike delar og mønster
SIDE 243 MUSIKK
- arbeide med å ta vare på musikken og dansen
sin ved hjelp av opptaksutstyr og høveleg
notasjon
Lytte
I opplæringa skal elevane
- få oppleve musikk frå ulike tradisjonar og
verdsdelar og gi uttrykk for korleis dei opplever
skilnader, men og fellestrekk mellom
desse, mellom anna mellom samisk musikk
og musikk frå andre kulturar
- lytte til og arbeide med mange ulike typar
musikk slik at dei får gi uttrykk for korleis
dei opplever og forstår den måten ulike
komponistar bruker sentrale musikalske
verkemiddel, til dømes knytte til melodi og
rytme, dynamikk og klang
- lytte til framføringar og konsertar og få
øving i å samtale om desse med tanke på
formidling og oppleving
Mål for mellomsteget, 5.-7. klasse
Musisere og danse
Elevane skal lære seg å syngje, spele og danse
med glede og innleving gjennom ei brei
innføring i song- og dansekulturen vår. Dei
skal utvikle og kultivere evna til å musisere
og danse åleme og saman med andre.
Komponere
Elevane skal bli kjende med korleis ein kan
utvikle musikalske idear i enkle strukturar
og øve seg på å kommunisere dei til andre.
Dei skal utvikle skaparevna si gjennom å
lage musikk og dansar og bli trygge på å stå
fram med det dei sjølve har laga.
Lytte
Elevane skal utvikle evna til å skilje innanfor
viktige musikkelement og bli kjende
med ulike musikalske verkemiddel. Gjennom
møte med musikk, musikarar og dansarar
skal dei bli kjende med musikk frå
ulike tider og stader og utvikle evna til å
lytte med innleving og konsentrasjon. DeiSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 243». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/249/