SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 237 skann 243

På mellomsteget blir skilnadene i den musikalske interessa, forståinga og utøvinga tydelegare frå elev til elev, mellom anna fordi mange tek til med opplæring på eit instrument i musikkskulen eller i eit korps. Skulen må nytte og byggje vidare på dei musikalske røynslene og interessene elevane har. Elevane må få øving i å framføre både eigenprodusert musikk og dans og musikken og dansen til andre - åleme og i grupper. Slike aktivitetar bør planleggjast med tanke på samarbeid med og vitjing av dansarar og musikarar, til dømes frå Rikskonsertane, eller ved at elevane oppsøkjer musikarar og spelemenn, eller vitjar institusjonar i nærmiljøet for å halde ein konsert. På ungdomssteget skal ein ta omsyn til at mange av elevane er påverka av ulik musikksmak, ulike musikkvanar og ulik livsstil. Somme elevar kan vere svært langt komne som utøvarar i ulike sjangrar. Denne gruppa kan og ofte vere gode lærarar for kvarandre og for yngre elevar. Mange har musikalske førebilete og glødande musikkinteresse i heilt spesielle retningar. I dette mangfaldet ligg det ein styrke og ei stor utfordring for musikkfaget på ungdomssteget. Arbeidsmåtane på ungdomssteget må spegle av at elevane er ei ressurssterk musikkgruppe, som får vere med på å velje ut lærestoffet og vere med på å planleggje læringsprogrammet ut frå dei rammene som målet og hovudmomenta gir. På kvart årssteg skal elevane få oppgåver som peiker ut over skulesamfunnet, til dømes arrangere konsertar og framsyningar. Kor, korps, band og musikk- og dansegrupper knytte til skulen er av stor verdi for musikkopplæringa. Skulane bør aktivt prøve å få til eit samarbeid med kommunale musikkskular, med Rikskonsertane og andre som formidlar skulekonsertar, med spelemannslag og dansemiljø. Viktige sider ved faget, til dømes arbeidet med å skape ein felles song- og dansekultur, kan best utvikle seg i eit aktivt samspel mellom elevane, klassane, lærarane og foreldra, og mellom skulen og samfunnet omkring. Gjennom heile opplæringa skal ein leggje stor vekt på gode og fleksible modellar for organisering. Når aktivitetsforma krev det, som i samspel på instrument og arbeid med komponering, må ein kunne arbeide i mindre grupper. I andre høve, som i skulekor, konsertar og framsyningar, kan det vere naturleg med større grupper. Strukturen i faget Målet og hovudmomenta i musikkfaget byggjer på aktivitetsformene musisere, danse, komponere og lytte, og på erkjenningsformene å oppleve og forstå. Det er ikkje eit klart skilje mellom aktivitetsformer og erkjenningsformer. Dei grip inn i kvarandre, utfyller kvarandre og støttar kvarandre. Å oppleve og forstå er uttrykk for at ein meiningsfull omgang med musikk omfattar heile mennesket - kropp og sinn, kjensleliv og intellekt. I musikkfaget skal ein sjå på det praktiske og teoretiske og det vitskaplege og kunstnarlege som likeverdige sider ved dan- SIDE 237 MUSIKK
Skann 243 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 237». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/243/