SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 236 skann 242

INNLEIING Faget sin plass i skulen Musikk, song og dans har gjennom tidene teke opp i seg, uttrykt og formidla stemningar, tankar og kjensler ved det å vere menneske - i leik, fest og kvardagsliv. Skulefaget musikk er den ytre ramma for å gi alle barn og unge høve til å få del i den musikalske røynsla og kunnskapen som andre har skapt, og å få opplæring i å kunne gi musikalsk uttrykk for sitt eige liv ut frå eigne føresetnader. Ei viktig side ved faget er den skapande aktiviteten, ei anna side er den mottakande. Desse to perspektiva skal komme til uttrykk ved at elevane skal syngje, spele og danse, komponere og lytte. Musikalsk aktivitet er prega av samhandling og samvirke, trivsel og kontakt som skaper tilhøyrsle og identitet. Faget i grunnskulen er derfor utforma med tanke på at det skal vere eit fag for alle elevar, der samvær og samhandling er like viktige som kvalitet og meistring. Musikkfaget gir rom for spontane og leikprega aktivitetar og for uttrykksformer der elevane får høve til å oppleve, forstå og sanne ulike livsområde gjennom kunstnarlege uttrykk. I opplæringa får elevane møte og oppleve ein viktig del av musikk-, song- og dansekulturen frå vårt eige land og frå andre land. Gjennom å musisere og forme, lytte og oppleve, vurdere og meine får elevane utvikle det musikalske skjønnet sitt og evna til å verdsetje, undrast over og forstå sin eigen kultur og kulturen til andre gjennom musikk og dans. Opplæringa i faget tek sikte på at elevane skal få oppleve, bli kjende med og forstå musikk både som kunstnarleg uttrykk, som samfunnsuttrykk og som samværsform. Kunnskap om og røynsle frå desse sidene ved faget skal hjelpe elevane til å utvikle eit ansvar for musikalsk og sosial fellesskap og gi dei eit grunnlag for eigne musikkval seinare i livet. Arbeidsmåtar i faget Målet og hovudmomenta for musikkfaget er prega av aktivitetsformer der ein legg stor vekt på utforsking, skaping og formidling. Det er viktig å ta omsyn til progresjonen i musikkfaget og den musikkfaglege utviklinga til eleven. På småskulesteget må ein leggje særleg vekt på å skape eit trygt og godt miljø for musikalsk læring, oppleving og samhandling. Like viktig er det å ta vare på den naturlege trongen elevane har til musikalsk leik, utforsking og eksperimentering. Ein bør ofte ha fellessamlingar om musikk, song og dans, gjerne dagleg. Elevane må få oppleve eit læringsmiljø der leik og læring står sentralt. SIDE 236 MUSIKK
Skann 242 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 236». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/242/