SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 238 skann 244

ning og utvikling. Med aktivitetsformene musisere, danse, komponere og lytte som ramme kan elevane erfare og få innsikt i korleis musikken har utvikla seg, korleis han fungerer og korleis han blir brukt i ulike sosiale, kulturelle og historiske samanhengar. Gjennom heile skuletida skal dei praktiske sidene ved opplæringa vere grunnlaget for å oppleve og å forstå faget. Aktivitets- og erkjenningsformer i musikkfaget Oppleve og forstå Musisere Danse Innhaldet i musikkfaget Komponere Lytte Musisere har klare linjer til musikaryrket og til den praktiske handverkssida ved faget. Omgrepet tek opp i seg spel, song og annan vokal aktivitet, men kan og oppfattast vidare enn det, til dømes i retning av song og spel med meining og glede. Danse som aktivitetsform er ein naturleg del av det musikalske uttrykket til og samværet mellom barn og unge. Dans gir barn og unge ei heilskapleg oppleving og forståing av musikkfaget. Komponere gjer elevane når dei i musikkopplæringa gir eigne idear musikalsk uttrykk og form. I musikkopplæringa i grunnskulen omfattar omgrepet å lage sine eigne musikk- og danseuttrykk, improvisere og arrangere. Lytte er grunnleggjande for å kunne ha glede av musikk og for å kunne orientere seg i musikkverda. Gjennom å lytte kan elevane utvikle gehør og bli fortrulege med ulike former tur musikk, utvikle musikalsk skjønn og vurderingsevne, og utvikle evna til å oppleve musikk som kunst og som samværsform.
Skann 244 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 238». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/244/