arbeide med døme på enkle ionesambindingar,
og gjere forsøk med leiing av straum
i væske
gjere illustrerande forsøk med elektrolyse
og arbeide med lett observerbare effektar av
elektrolyse og døme på bruk av dette i samfunnet
gjere forsøk som viser fysiske og kjemiske
eigenskapar for nokre metall, arbeide med
bruksområde og døme på utvinning av metall
arbeide med faktorar som fremjar korrosjon,
døme på konsekvensar og enkle metodar
for å hindre korrosjon, og problem
som kan komme av bruk av metall og metallsambindingar
Det fysiske verdsbiletet
I opplæringa skal elevane
bli kjende med sentrale oppdagingar og
oppfinningar knytte til elektrisitet, mellom
anna statisk elektrisitet og oppdaginga av
fenomenet elektrisitet
arbeide med ein enkel modell for elektron
i ein straumkrins og bli kjende med omgrepa
straum, spenning, motstand og energioverføring
planleggje og gjere forsøk med komponentar
i ein enkel krins, arbeide med symbol
for desse komponentane i koplingsskjema,
og gjennom forsøk få innsikt i samanhengen
mellom straumstyrke og spenning og
bruke måleiningar for spenning, straumstyrke,
motstand og elektrisk effekt
bli kjende med sikringsforskrifter ved bruk
av elektrisk utstyr i heimen og få røynsle
med elektriske koplingar
gjere forsøk med bruk av elektrisk generator
og transformator
- gjere seg kjende med systemet for tilførsel
av elektrisk energi i lokalmiljøet og drøfte
ulike måtar for energiøkonomisering i ei
hushaldning
■ ■ 10. klasse
Kropp og helse
I opplæringa skal elevane
- gjere forsøk med stoff frå følgjande stoffgrupper:
karbohydrat, alkoholar, feitt og
protein, og arbeide med korleis dei ulike
næringsstoffa blir brukte i kroppen
- bli kjende med fordøyingssystemet, korleis
kroppen skaffar seg energi og kvittar seg
med avfallstoff og arbeide med spørsmål
knytte til sjukdommar og kosthald
- bli kjende med korleis menneska formeirar
seg, og få ei enkel framstilling av menstruasjonssyklusen,
befruktning og utvikling av
fosteret, genar og arv
- bli kjende med ulike prevensjonsmiddel og
få ei enkel forklaring på korleis dei verkar
- lære om seksuelt overførte sjukdommar, og
drøfte korleis ein kan unngå dei
-arbeide med spørsmål knytte til abort,
skilnaden på spontan abort og provosert
abort, og lova om sjølvbestemt abort
- drøfte kva som ligg i omgrepa forelsking,
kjærleik, omsorg, seksualitet, seksuell kjønnsidentitet
mellom anna heterofili, homofili,
seksuell lågalder, seksuell debut og sexpress
Mangfaldet i naturen
I opplæringa skal elevane
- planleggje og gjennomføre økologiske undersøkingar
i eit naturområde, bli kjende
med aktuelle tiltak i området og drøfte kva
gjennomføring kan få å seie
SIDE 217 NATUR- OG MILJØFAGSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 217». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/219/