SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 218 skann 220

arbeide med spørsmål knytte til foredling av planter og dyr, tradisjonelt og ved hjelp av moderne genteknologi, og ta opp ulike sider ved forsking og bruk av genteknologi som gjeld etikk, samfunnsnytte og risiko for helse og miljø drøfte korleis kunnskap, forsking og teknologi har endra levevilkåra for menneska lokalt og globalt drøfte tiltak som kan betre miljøet og medverke til ei berekraftig utvikling lokalt og globalt, til dømes ved bruk av datanett Stoff, eigenskapar og bruk I opplæringa skal elevane arbeide med ein enkel modell av krinsløpet til karbon, bli kjende med korleis olje, kol og gass blir danna, og bruk av ulike hydrokarbon i industri og daglegliv bli kjende med oljeforureining og metodar som blir brukte ved uhell med oljeutslepp i vatn bli kjende med vanlege organiske løysemiddel og bli kjende med korleis ein bør handsame dei gjere forsøk med fullstendig og ufullstendig forbrenning av fossilt brensel og plantemateriale og bli kjende med den rolla oksygen spelar i forbrenninga, med forbrenningsprodukt og energiutbytte ved reaksjonane gjere forsøk som illustrerer forsuring og kalking av vatn, og bli kjende med miljøproblem grunna forbrenningsgassar og tiltak for å redusere problema bli kjende med eigenskapar ved ulike typar radioaktiv stråling, radioaktive stoff og mineral og bruk av radioaktive stoff knytte til samfunnsnytte og risiko for helse og miljø, til dømes ved bruk av dataprogram Det fysiske verdsbiletet I opplæringa skal elevane - saman drøfte seg fram mot ein definisjon om kva energi er, planleggje og gjere forsøk som viser ulike energiovergangar og ha øving i å beskrive energiovergangane dei observerer - gjere seg kjende med fornybare og ikkje fornybare energikjelder på jorda, teknologi og framtidsutsikter i høve til energiressursar, til dømes ved bruk av informasjonsteknologi - bli kjende med drivhuseffekten og til effekten av ozonlaget - bli kjende med døme på ulike slag elektromagnetisk stråling og kvardagsteknologi knytt til dei - arbeide med spørsmål knytte til nordlys og ulike segner i samband med dette, mellom anna samiske - gjere seg kjende med arbeid, som kraft • veg, og bruke dette for å finne arbeidet og energien som blir brukt i ein aktivitet, og sjå samanhengen mellom utført arbeid og energiinnhaldet i mat - observere solspekteret og spekteret frå andre lyskjelder og samanhengen mellom lys og fargar - gjere forsøk med korleis auga fungerer, med refleksjon og bryting av lys, og døme på teknologisk bruk SIDE 218 NATUR- OG MILJØFAG
Skann 220 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 218». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/220/