SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 215 skann 217

skal vere fortrulege med og kunne bruke informasjonsteknologi for å søkje, omarbeide og formidle informasjon. Hovudmoment for 8.-10. klasse ■ ■ 8. klasse Kropp og helse / opplæringa skal elevane arbeide med spørsmål om korleis bakteriar verkar på prosessane i kroppen lære om dei store smittsame sjukdommane, historia deira, utbreiinga og korleis menneska har kjempa mot dei bli kjende med døme på nokre andre van lege sjukdommar, årsakene til dei og kor leis kroppen vernar seg mot sjukdom bli kjende med korleis den teknologiske utviklinga, til dømes røntgen og oppdaginga av penicillin og anna antibiotika, har endra sjukdomsbiletet arbeide med døme på tradisjonell folkemedisin, mellom anna den samiske Mangfaldet i naturen I opplæringa skal elevane bli kjende med utvalde stein- og jordtypar gjennom feltarbeid og døme som viser samanhengen mellom vegetasjon, jordsmonn og bergartar arbeide med døme på korleis levande organismar er tilpassa ulike klimatiske tilhøve arbeide med samanhengen mellom blomsterbygnad og mjølingsmåte hjå planter, ulike spreiingsmåtar for frø og samanhengen mellom spreiingsmåte og utforming av frøa bli kjende med hovudtrekka i utviklingslæ ra, arbeidet til Darwin og teoriane om ut vikling ved naturleg utval SIDE 215 NATUR- OG MILJØFAG - arbeide med spørsmål knytte til korleis jorda og livet på jorda har endra seg og framleis er i endring, og korleis fossil blir danna og blir brukte til å forklare utviklinga til dyr og planter - lære om dei fysiske føresetnadene for liv som skil jorda frå dei andre planetane i solsystemet - bli kjende med sentrale kjenneteikn på bakteriar og virus - arbeide med spørsmål om kva verdiar bakteriar har i industrien og i naturen Stoff, eigenskapar og bruk I opplæringa skal elevane - bli kjende med vanlege tryggleiksrutinar i rom der dei arbeider med naturfag gjennom forsøk øve seg i å klassifisere sure og basiske daglegvarer, indikator-eigenskapar for fargestoff i planter, pH-omgrepet og metodar for å fastsetje pH i ei vassløysing gjennom forsøk lære om sentrale eigenskapar hjå oksygen, hydrogen, karbondioksid og butan og propan bli kjende med situasjonar i dagleglivet som kan innebere risiko for å bli forgifta av karbonmonoksid, for at brennbare gassar tek fyr, for fortrenging av og mangel på oksygen Det fysiske verdsbiletet I opplæringa skal elevane bli kjende med nokre ulike teoriar om utviklinga av universet fram til i dag, sentrale kjenneteikn ved stjerner og galaksar, til solsystemet og korleis teknologisk utvikling har verka inn på kunnskapen vår om verdsrommet, til dømes ved å bruke informasjonsteknologi - måle tid, lengd, gjennomsnittsfart, masse og volum og bli kjende med måleiningar brukte til dette, og Sl-systemet
Skann 217 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 215». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/217/