- utforske ferskvatnet der dei bur og eventuelle
interessemotsetnader ved bruken
- sjå på enkle prinsipp for transport og reinsing
av drikkevatn og avløpsvatn, før og no
-planleggje og utvikle enkle modellar for
omdanning av energien i rennande vatn til
mekanisk arbeid, og gjere seg kjende med
korleis menneska har utnytta dette teknologisk
før og no
-planleggje og gjere forsøk for å skilje eit
stoff frå ei blanding ved bruk av fysiske prosessar
som å sile, filtrere, løyse og fordampe,
og sjå døme på korleis det blir nytta
praktisk
Det fysiske verdsbiletet
I opplæringa skal elevane
- gjennom forsøk få kjennskap til ulike lydkjelder,
tonestyrke og tonehøgd og gjere seg
kjende med korleis nokre ulike musikkinstrument
og menneskestemma lagar lyd
- få røynsle med bygging av enkle elektriske
krinsar, og gjennom forsøk skilje mellom
elektriske leiarar, isolatorar og elektromagnetar
og knyte dette til bruken av dei ulike
materiala
- beskrive sin eigen kvardag utan tilgang på
elektrisitet og gjere seg kjende med den
praktiske rolla elektrisiteten spelar i det
moderne samfunnet
- eksperimentere med hobby-elektronikk og
få kunnskap om teknologi for styring og
kontroll
- lære om dei store vérsystema og dei omgrepa
som blir nytta i vérmeldinga
Mål for ungdomsteget, 8.-10. klasse
Kropp og helse
Elevane skal ha kunnskap om bygnaden og
funksjonen til systema i kroppen og korleis
SIDE 214 NATUR- OG MILJØFAG
dei verkar saman. Dei skal bli kjende med
vanlege sjukdommar og korleis sjukdomsbiletet
har endra seg. Dei skal ha kunnskap
om korleis tobakk og rusmiddel verkar på
kroppen, utvikle ansvar for eiga helse og
omsorg og respekt for andre.
Mangfaldet i naturen
Elevane skal gjennom systematiske undersøkingar
av den levande og den ikkje-levande
delen av naturen utvikle økologisk forståing.
Dei skal kjenne til utviklinga av jorda
og korleis livet på jorda har oppstått og
endra seg over tid. Dei skal utvikle forståing
for mennesket sin plass i naturen og
korleis menneskelege aktivitetar kan endre
naturmiljøet lokalt og globalt, og kunne gi
døme på korleis kunnskap, forsking og
teknologi har endra levevilkåra og miljøet.
Elevane skal kunne bruke ulike skriftlege
kjelder og elektroniske hjelpemiddel for å
søkje, omarbeide og formidle informasjon.
Stoff, eigenskapar og bruk
Elevane skal ha kunnskap om stoff og reaksjonane
deira slik at dei kan sjå samanhengar
og gjere miljøvennlege val i den
kjemiske kvardagen vår. Dei skal kunne
planleggje, gjennomføre og vurdere enkle
forsøk. Elevane skal kunne bruke informasjonsteknologi
som eit hjelpemiddel.
Det fysiske verdsbiletet
Elevane skal ha kunnskap om jorda, solsystemet
og universet og kjenne til korleis teknologisk
utvikling har verka inn på kunnskapen
vår om verdsrommet. Dei skal ha
kunnskap om ulike energitilstandar, energikjelder
og energiformer. Dei skal kjenne
korleis teknologisk utvikling har påverka
energibruken vår og døme på positive og
negative konsekvensar av dette. Dei skal ha
kunnskap om målingar og måleiningar og
kunne planleggje, gjennomføre og vurdere
enkle forsøk og kunne bruke elektroniske
hjelpemiddel i arbeidet. Dei skal gjennom
forsøk få forståing for ein partikkelmodell
for faste stoff, væsker og gassar. ElevaneSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 214». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/216/