SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 213 skann 215

Stoff, eigenskapar og bruk I opplæringa skal elevane -gjere forsøk med forbrenning av stoff og samanlikne med forbrenning av mat i kroppen - få røynsle med kva vilkår som skal til for at noko skal ta til å brenne, og klassifisere stoff og materiale som brennbare og ikkje-brennbare. Få innblikk i korleis ein brann kan oppstå og bli sløkt, og få trening i første- hjelp ved forbrenning - arbeide med døme på brensel som har vore dominerande opp gjennom tidene, teknologi brukt til utnytting av brenslet og døme på miljøkonsekvensar Marit Tingleff: Ozon, 1988. Fat, blåleire/ begitning Det fysiske verdsbiletet I opplæringa skal elevane - planleggje og gjere enkle forsøk med lys og arbeide med døme på ulike lysk j elder - arbeide praktisk med refleksjon og lysbryting, til dømes bruk av speglar, briller, mi- kroskop - lære gjennom forsøk at sollys inneheld ei blanding av fargane i regnbogen og eksperimentere med ulike fargeblandingar - eksperimentere med lysbryting og lys som går frå luft til vatn og omvendt, og bli kjende med konsekvensar det har for dyr og menneske MM 7. klasse Kropp og helse I opplæringa skal elevane -arbeide med ein enkel modell for øyra, bli kjende med skadar som kan oppstå på grunn av av lyd og støy, og drøfte kva ein kan gjere for å redusere moglege skadeverknader - gjennom forsøk få røynsle med korleis menneska orienterer seg ved å bruke sansane Mangfaldet i naturen I opplæringa skal elevane - gjere feltarbeid og bli kjende med organismar som lever i vatn, og korleis organismane er tilpassa kvarandre og miljøet dei lever i - gjere seg kjende med næringskjeder i ferskvatn og saltvatn - arbeide med eit utval pattedyr og fiskeartar i ferskvatn og saltvatn Stoff, eigenskapar og bruk I opplæringa skal elevane - utforske sentrale eigenskapar ved vatn, og gjennom forsøk gjere seg kjende med kva vatn har å seie for levande organismar - arbeide med ein enkel modell av krinsløpet til vatnet, gjennom forsøk lære om frysing, smelting, fordamping og kondensasjon og gjere seg kjende med prosessane ved sky- og nedbørdanning SIDE 213 NATUR- OG MILJØFAG
Skann 215 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 213». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/215/