SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 210 skann 212

■ ■ 3. klasse Det fysiske verdsbiletet Leonard Rickhard: Gåtefull fugleelsker, 1990-94. Olje på lerret Kropp og helse I opplæringa skal elevane - bli fortrulege med si eiga fysiske utvikling og bli kjende med livsløpet til menneska - lære noko om korleis kroppen er bygd opp Mangfaldet i naturen I opplæringa skal elevane - observere enkle livssyklusar til planter og dyr, og så frø og stelle planter - bli kjende med nokre fuglar i nærmiljøet og kva som skjer med dei gjennom årstidene lære om og bli kjende med nokre vanlege dyr, til dømes kjæledyr eller husdyr, og samtale om forholdet mellom menneske og dyr Stoff, eigenskapar og bruk I opplæringa skal elevane - undersøkje kva som flyt eller søkk i vatn, sjå at materiale som søkk, kan formast slik at dei flyt, og sjå døme på teknologisk bruk av det - lære noko om faste stoff, væsker og gassar og arbeide med frysing, smelting og for- damping av vatn som døme på det SIDE 210 NATUR- OG MILJØFAG I opplæringa skal elevane - få sjå at materiale kan formast slik at dei svevar og sjå døme på teknologisk bruk av det - observere og beskrive ulike vérfenomen, og måle temperatur, nedbør og eventuelt snø- mengd ■ ■ 4. klasse Kropp og helse I opplæringa skal elevane - arbeide med sentrale likskapar og ulikskapar mellom menneska og andre levande organismar, og korleis variasjonar heng saman med omgivnad og miljø - lære noko om barnesjukdommar og vaksine Mangfaldet i naturen I opplæringa skal elevane - utforske nokre biotopar i nærmiljøet og beskrive enkle næringskjeder utifrå arbeidet med biotopar - arbeide med felles kjenneteikn for levande organismar, og øve seg i ulike måtar å grup- pere dei på - arbeide med stell av planter Stoff, eigenskapar og bruk I opplæringa skal elevane - arbeide med kjeldesortering, kva ein reknar som avfall, og kva som kan brukast på nytt - drøfte avfallsproblem og korleis ein kan redusere mengda av avfall Det fysiske verdsbiletet / opplæringa skal elevane - bli kjende med krefter som fører til rørsle eller som hindrar rørsle, og sjå døme på praktiske konsekvensar av det i kvardagen vår
Skann 212 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 210». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/212/