SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 209 skann 211

Hovudmoment for 1.-4. klasse ■ ■ 1 . klasse/førskulen Kropp og helse I opplæringa skal elevane lære korleis dei fem sansane er knytte til ulike kroppsdelar stimulere sansane og bruke dei bevisst ved aktivitetar inne og ute i naturen Mangfaldet i naturen I opplæringa skal elevane utforske både den levande og den ikkje-levande delen av naturen og beskrive opplevingar gjennom å teikne/skrive i ei naturdagbok observere nokre dyr og planter i nærmiljøet og sortere dei etter lett observerbare likskapar og ulikskapar samle og sortere ulike steinslag etter lett observerbare eigenskapar Stoff, eigenskapar og bruk I opplæringa skal elevane lære at alt stoff er bygd opp av mindre delar som vi ikkje kan sjå samanlikne, beskrive og sortere ulike materiale etter lett observerbare eigenskapar sjå korleis materiale blir brote lett ned i naturen i motsetnad til tungt nedbrytbare materiale arbeide med kompostbinge som døme på eit forenkla krinsløp, og utvikle noko forståing for at naturen bruker dei same stoffa om att Det fysiske verdsbiletet I opplæringa skal elevane arbeide med lys, lysbryting og danning av skuggebilete og få røynsle med at lys kjem frå lyskjelder og går i rette linjer - sjå kva som skjer når lys treffer ulike overflater ■ ■ 2. klasse Kropp og helse I opplæringa skal elevane - delta i leik og andre aktivitetar for å bli kjende med korleis kroppen fungerer - samtale om kva ein meiner med å vere sjuk, om nokre sjukdommar som er vanlege for barn, og korleis ein kan ta vare på helsa si Mangfaldet i naturen I opplæringa skal elevane -observere sentrale kjenneteikn i naturen gjennom dei fire årstidene, til dømes ved å følgje eit tre eller ei anna fleirårig plante gjennom eit år - lære å kjenne dei vanlegaste bærslaga, fruktene og grønsakene - lære korleis ein nyttar ulike plantedelar til ulike føremål Stoff, eigenskapar og bruk I opplæringa skal elevane - bli kjende med eigenskapar ved vanlege materiale og knyte desse eigenskapane til bruk av dei ulike materiala - bli kjende med kva materiale nokre vanlege bruksting er laga av - lage leiker og spel av ulike materiale, til dømes naturmateriale Det fysiske verdsbiletet I opplæringa skal elevane - utforske ulike lydar inne og ute for å bli kjende med omgrep som blir brukte for å beskrive lyd; lage enkle lydinstrument og bruke stemma for å merke korleis lyd blir skapt ved vibrasjon SIDE 209 NATUR- OG MILJØFAG
Skann 211 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 209». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/211/