SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 179 skann 181

Å orientere seg i omverda I opplæringa skal elevane - bli kjende med skulen og lære å kjenne nær miljøet - bruke naturen og greie ut om landskapsformer, som til dømes ås, skog og slette - lære å kjenne geografiske namn på til dømes heimstaden, heimkommunen, heimfylket og landet som dei bur i, eller som familien kjem frå - bruke globus og bøker, og samtale om folk og språk i ulike delar av verda, mellom anna samane Individ og samfunn I opplæringa skal elevane - lære om ulike familietypar og slektningar og at måten samliv og familiestrukturar er ordna på, varierer frå land til land og over tid -gjere seg kjende med skulen, kvifor vi har skule, og oppgåvene og rollene til dei som arbeider der. Samtale om reglar dei må følgje på skulen, og om korleis dei ønskjer at samværet skal vere i klassen - øve seg i å ferdast trygt i trafikken og i å te seg slik i skule og fritid at dei ikkje set tryggleiken i fare for seg sjølve eller andre ■ ■ 2. klasse Menneske og samfunn før oss I opplæringa skal elevane - lære å kjenne historiske minnesmerke og arbeide med fortidsleivningar for å utvikle interesse for historia til heimstaden - bli kjende med landa i Midtausten gjennom å høyre om til dømes faraoar, pyramidar og sfinksar Å orientere seg i omverda I opplæringa skal elevane -arbeide med omgrep som til dømes sol, jord, måne, år, månad, dag og natt - finne ut kva himmelretningar er og korleis kjennskap til dei kan nyttast, bli kjende med omgrep som polar og ekvator og høyre om polferder Individ og samfunn / opplæringa skal elevane - praktisere enkle reglar for skikk og bruk som til dømes å komme i tide, høyre etter, gjere det ein har lova, og ta omsyn til andre - bli kjende med at skulen har eit reglement, at vegtrafikken og anna ferdsel, til dømes på sjøen og i lufta, har sine reglar, og at samfunnet har lover - arbeide med og samtale om inntrykk og opplevingar dei har fått frå til dømes vekeblad og teikneseriar, radio og fjernsyn, video og datanett - få røynsle med å lage og bruke reglar i leik og andre aktivitetar ■ ■ 3. klasse Menneske og samfunn før oss I opplæringa skal elevane - bli kjende med mytar, segner og eventyr og finne ut om dei kan fortelje noko om historia vår - lære noko om dei store elvane, og om korleis menneska til ulike tider har nytta dei til samferdsel og energikjelder, og om bygging av bruer og sluser Å orientere seg i omverda I opplæringa skal elevane - bli kjende med geografiske storformer som fjell, fjordar, dalar, kyst og innsjøar, til dømes på bilete, på kart eller på tur SIDE 179 SAMFUNNSFAG
Skann 181 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 2

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 179». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/181/