SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 180 skann 182

trene seg i å finne heimkommunen, heimfylket og landet sitt på kartet. Arbeide med enkle kartskisser, modellar eller teikningar av nærmiljøet «reise» på globusen eller kartet og følgje til dømes reisene til Leiv Eiriksson eller Columbus Individ og samfunn I opplæringa skal elevane planleggje og gjennomføre ein tur, utforme reglar for korleis dei skal te seg på turen erfare kva det vil seie å ha eit ord med i laget når avgjerder skal fattast i skulekvardagen, og at reglar kan endrast arbeide med barna sine rettar, korleis dei blir utvida med alderen, høyre om at alle menneske har visse felles rettar, arbeide med konfliktar og drøfte korleis dei kan løysast ■ ■ 4. klasse Menneske og samfunn før oss I opplæringa skal elevane høyre om dei første menneska som kom til landet vårt etter istida og lære om korleis steinaldermenneska i Noreg, Norden og Europa levde bli kjende med korleis menneska lærte å dyrke jorda og bruke husdyr og nytta plog og sal, vasshjul og vindmøller Å orientere seg i omverda I opplæringa skal elevane bli kjende med geografiske omgrep som tidssoner, lengde- og breiddegrad få kunnskap om det einaste urfolket i landet vårt, samane, gjennom til dømes bilete, film, litteratur og forteljingar samtale om og samanlikne liv og virke i vårt eige land og land i andre delar av verda som SIDE 180 SAMFUNNSFAG dei har møtt i bøker, medium eller på reiser - orientere seg på globusen og kartet og finne fram til verdsdelane og verdshava og lære omgrep som til dømes kanal, sund og halvøy Individ og samfunn I opplæringa skal elevane - bli kjende med lover og reglar på ulike nivå frå skulereglement til Grunnlova og Samelova - gjere seg kjende med kulturtilbod og fritidsaktivitetar i nærmiljøet. Arbeide med omgrep som lag, foreining og medlem og lære om korleis ein til dømes kan lage ein klubb eller ei foreining med eigne reglar og kanskje hemmeleg språk eller skrift - samtale om å dele ansvar mellom jenter og gutar, kvinner og menn i heim og samfunn - gjere seg kjende med innvandringa til Noreg i vår tid og lære noko om utvandringa frå Noreg i førre hundreåret. Kunne utvikle toleranse overfor menneske med ulik bakgrunn og ulike føresetnader - diskutere normer for mediebruk med lærarar og foreldre/føresette Mål for mellomsteget, 5.-7. klasse Historie - frå dei eldste tidene og fram til om lag år 1 750 Elevane skal kjenne til liv og virke hos ulike folkegrupper, ulike samfunnsordningar og forholda mellom samfunn i tidlegare tider. Dei skal kjenne til viktige hendingar og personar i landet vårt og verda elles. Elevane skal utvikle interesse for og glede ved å arbeide med historie.
Skann 182 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 1

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 180». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/182/