SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 177 skann 179

Strukturen i faget I læreplanen for samfunnsfag er målet og hovudmomenta ordna etter dei tre disiplinane historie, geografi og samfunnskunnskap. Historie tek for seg tidsdimensjonen, drøftar ulike syn på mennesket og ulike typar samfunn til ulike tider, og tek opp drivkrefter som har påverka samfunnsutviklinga gjennom tidene. Geografi tek for seg romdimensjonen og endringar i rommet, lokalisering og utbreiing på jordoverflata av naturlege og menneskeskapte fenomen og prosessar. Geografi drøftar og forklarer samfunnet i skjeringspunktet mellom menneske og natur og gir oversyn over livsvilkår, levevis og levekår på jorda. Samfunnskunnskap tek for seg politikk og sosialisering og viser korleis samfunnet treng reglar og lover, organisering og styring for å kunne fungere. Samfunnskunnskap arbeider med mellommenneskelege samspel og konfliktar og drøftar rettar og plikter, påverknader og utfordringar som den einskilde møter som deltakar i ulike samfunn. På småskulesteget er dei samfunnsfaglege momenta i stor grad integrerte delar av breie, tverrfaglege emne. Seinare i skulen står dei tre deldisiplinane etter kvart meir tydeleg fram kvar for seg. Samstundes bør arbeidet i faget heile vegen ta sikte på ein heilskap av historie, geografi og samfunnskunnskap.
Skann 179 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 177». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/179/