SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 176 skann 178

telje og få fortalt, og leiken er ei viktig kjelde til læring på dette steget. Elevane bør få besøk på skulen av personar som kan fortelje om spesielle hendingar og opplevingar. Fleire arbeidsmåtar på småskulesteget gjeld og på mellomsteget. I tillegg skal elevane her gjere meir systematiske observasjonar, registrere og sortere dei. Elevane skal og utfordrast til å tenkje over og forklare resultatet av ulike observasjonar og innsamlingsarbeid, og dei skal få høve til meir lesing og samarbeid. På ungdomssteget blir det dessutan stilt krav til å formulere problemstillingar, analysere og tolke ulike kjelder og å forklare og vurdere. Elevane skal få øving i å diskutere og oppleve verdien av kompromiss. Dei skal og få erfare viktige praktiske, demokratiske arbeidsmåtar i skulekvardagen. Elevane må få lære å setje seg mål, finne vegar til målet og ta standpunkt i omstridde saker og verdispørsmål. Samfunnsfaget byggjer gjennom heile skulegangen på nær kontakt og samhandling mellom skulen og lokalsamfunnet og har som føresetnad ein omfattande bruk av døme og illustrasjonar frå nærmiljøet til elevane. Heimstaden er eit viktig utgangspunkt for å utvikle innsikt i samfunnet. Lokalsamfunnet opnar for å praktisere samfunnsfaglege arbeidsmåtar og for øving i å arbeide etter demokratiske prinsipp og spelereglar. Gjennom aktivt arbeid i styre og stell i elevråd og i andre samarbeidsorgan blir skulearbeidet i utvida meining ein viktig del av opplæringa i samfunnsfag. Informasjonsteknologien opnar for andre og nye arbeidsmåtar i faget. Han gjer det mogleg for elevane å delta i eit større fellesskap gjennom å kommunisere med menneske frå store delar av verda og innbyr på denne måten til sjølvstendig læring. Magne Rygh: Aker brygge mars 1988, 1988. Olje på lerret SIDE 176 SAMFUNNSFAG
Skann 178 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 1

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 176». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/178/