SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 124 skann 126

ke det i si eiga skriving, til dømes i samband med tema og prosjektarbeid. Gi kvarandre tilbakemelding i arbeidet skrive for mottakarar utanfor klasserommet, arbeide grundig med ein tekst med vekt både på det estetiske i si eiga språkføring og med vekt på rettskriving og teiknsetjing utvikle ei lett leseleg personleg handskrift og prøve ut ulike typar prydskrif t/kalligrafi. Få noko røynsle med å bruke elektroniske medium til å produsere og publisere tekstar granske og vurdere verkemiddel i ulike reklametekstar og eksperimentere med å lage reklame sjølv gjere seg kjende i tilgjengelege offentlege bibliotek og søkje aktivt etter fag- og skjønnlitterære bøker dei vil lese, og skrive ei bokmelding om ei av dei Kunnskap om språk og kultur I opplæringa skal elevane finne ut noko om korleis språket varierer over tid og etter stad, situasjon og deltakarar. Observere nokre særtrekk ved andre dialektar, gruppespråk og språkbruken til jenter og gutar. Finne ord av engelsk opphav i norsk og prøve å finne norske synonym arbeide med ulike måtar for tekstbinding studere særtrekk ved dramatiske sjangrar dei arbeider med og drøfte kriterium for framføring av dramatiske tekstar diskutere kriterium for tilbakemelding på tekstar og kriterium for godt samarbeid i tema- og prosjektarbeid. Reflektere over si eiga skriveutvikling i ulike sjangrar. Plukke ut nokre tekstar dei er spesielt nøgde med, og grunngi kvifor - tileigne seg kunnskap om ein del av dei forfattarane dei les tekstar av - arbeide med ordklassane i tilknyting til tekstar med vekt på den funksjonen dei har i språket, og arbeide med setningslære Mål for ungdomssteget, 8.-10. klasse Lytte og tale Elevane skal utvikle evna til å lytte, oppleve, vurdere og gi relevant tilbakemelding, lære å ta ansvar for si eiga utvikling og hjelpe andre i deira utvikling. Dei skal kunne delta i meiningssøkjande, utprøvande og etterprøvande samtale, diskusjonar og møte, og slik kunne utvikle seg til aktive og konstruktive samfunnsborgarar. Dei skal oppleve scenekunst som uttrykk og dramatisk metode og erfare at det skrivne ordet blir levande gjennom dramatiske tekstar. Elevane skal kunne uttrykkje seg i ulike sjangrar, i ulike situasjonar og for ulike formål. Dei skal bruke munnlege medium aktivt og ha ei medviten holdning til innhald, bruksmåtar og verkemiddel. Lese og skrive Elevane skal lære å lese kritisk og sjølvstendig, vidareutvikle evna til å oppleve dei estetiske sidene ved litteratur og erfare korleis litteratur formidlar livsrøynsle og kunnskap, framtidsbilete og førestellingar som kan kaste lys over deira eige liv og livet til andre. Dei skal kunne lese og skrive på nynorsk og bokmål for aktivt å kunne vere med i ein nasjonal skriftkultur og erfare at lesing og skriving utfyller kvarandre i fagleg arbeid og i all skriveopplæring. Elevane skal kunne uttrykkje seg i ulike sjangrar og utvikle ulike måtar å reflektere og kommunisere på gjennom skrift. Dei skal lære å sjå at skriving er ein veg inn til forståing, oppleving og samhandling med andre, kunne tolke og vurdere innhaldet og verkemidla i tekstar i ulike medium og sjølv bruke medium til å formidle tekstar. Elevane skal kunne arbeide aktivt med å utvikle ein tekst frå idé til SIDE 124 NORSK
Skann 126 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 124». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/126/