Bodil
Cappelen:
Julebukker,
1979.
Biletvev
Hovudmoment for 1.-4. klasse
II ■ 1. klasse/førskulen
Lytte og tale
I opplæringa skal elevane
- utfalde seg gjennom allsidig leik, delta i
rolleleik og bruke språket aktivt i ulike former
for spel
- leike og eksperimentere med ord, lydar, rim
og rytme, bruke ellingar, songleikar, mellom
anna enkle samiske rim og regler, framføre
dikt, songar og barneregler, gjette gå-
ter og fortelje vitsar
- lytte til eventyr, fablar og andre forteljingar,
høyre norrøne mytar, til dømes histo-
ria om Balders død og Idunns eple
- bli sedde og høyrde i faste forteljestunder.
Få trening i å gi att i samanheng, greie ut,
forklare og skildre
-venje seg til å vente på tur, ta ordet og gi
det frå seg i større grupper, delta i møte,
handle i samsvar med melding
- sjå video eller fjernsynsprogram og snakke
om det dei ser, bruke telefon og opptak til
kommunikasjon og rolleleik
Lese og skrive
I opplæringa skal elevane
- delta i skriftspråkstimulerande rolleleik
- møte symbol, bokstavar, tal og skrift i klasserommet
og andre stader, til dømes skilt,
plakatar, oppslag og bøker, og ta bokstavane
i bruk i si eiga takt
- møte og oppleve eit rikt utval bøker, biletbøker
og andre tekstar der både jenter og
gutar spelar viktige roller. Høyre tekstar av
forfattarar som til dømes Alf Prøysen, André
Bjerke, Inger Hagerup, og nyare forfattarar.
Samtale om tekstar dei høyrer, og det
dei ser i biletbøker
- få hjelp til å skrive ned noko dei seier eller
fortel, og oppleve at det er samanheng mellom
tale og skrift (tekstskaping), samtale om
tekstane dei har skapt, og om kva dei likar
i tekstane til andre
Kunnskap om språk og kultur
I opplæringa skal elevane
snakke om språk, kva det kan brukast til,
kor ulikt det kan vere, og korleis deira eige
språk har utvikla seg frå dei var små
få røynsle med spelereglar for samtale i ulike
samanhengar, og røyne kvifor det er viktig
å lytte til kvarandre
snakke om munnlege episke sjangrar og
sjangrar som blir brukte i leik
vitje skulebiblioteket eller eit anna bibliotek
og gjere seg kjende der
SIDE 117 NORSKSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 117». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/119/