Opplæringa i faget har som mål
• å styrkje elevane som morsmålsbrukarar
og lære dei å gjere seg nytte av det høvet
til samhandling som morsmålet gir, både
munnleg og skriftleg, slik at dei får kunnskap
og dugleik som både kan vere ei plattform
for vidare læring i og utanfor skulen
og gjere dei til aktive deltakarar i samfunnet
• å styrkje den kulturelle tilhøyrsla hjå elevane
gjennom å gi dei opplevingar med og
kunnskap om norsk språk og litteratur, innblikk
i andre kulturar og forståing for kva
andre kulturar har å seie for utviklinga av
vår eigen
• å styrkje den personlege identiteten hjå
elevane, evna deira til oppleving, kreativitet
og tru på eigne skapande evner
• å gjere elevane til medvitne deltakarar i sin
eigen læringsprosess, gi dei innsikt i si eiga
språkutvikling og lære dei å ta språket i bruk
som ein reiskap til å skaffe seg auka innsikt
og kunnskap
MÅL OG HOVUDMOMENT
Mål for småskulesteget, 1.-4. klasse
Lytte og tale
Elevane skal erfare at dei kvar dag får sagt
noko som både elevar og vaksne lyttar til
og svarer på, og lære å uttrykkje seg på ulike
måtar etter situasjon og formål. Dei skal
lære å lytte til andre, også som publikum
under framføring. Elevane skal få oppleve
rikdommen i eit breitt utval litteratur i ulike
sjangrar som kan gi inspirasjon til leik
og framføring. Dei skal gjennom eiga utfalding
få oppleve det fysisk-dramatiske i litteraturen.
Dei skal kunne bruke medium i
munnleg kommunikasjon.
Lese og skrive
Elevane skal lære å lese og møte andre gjennom
tekst og bilete som kan gi oppleving,
innsikt og inspirasjon til eiga skriving. Dei
skal lære å skrive, erfare at dei sjølv har bruk
for skriftspråket i samhandling med andre,
og tileigne seg eit variert og funksjonelt
skriftspråk. Dei skal bli fortrulege med å
bruke informasjonsteknologi.
Kunnskap om språk og kultur
Elevane skal ha noko kunnskap om språk
og eiga språkutvikling, få oppleve glede ved
bruk av språket og utvikle språkleg sjølvtillit.
Dei skal ha noko kjennskap til variasjon
og breidd i munnlege og skriftlege sjangrar,
og slik få innsikt i dei måtane for samhandling
som ligg i morsmålet. Elevane skal
kunne samtale om ulike typar tekstar. Dei
skal kunne bruke skulebibliotek.
FELLES MÅL FOR FAGETSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 116». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/118/