SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 111 skann 113

INNLEIING Faget sin plass i skulen Språk er det fremste særdraget hjå mennesket, eit kjennemerke ved alle samfunn og eit karaktertrekk ved kvart individ. Tungemåla til nasjonane fortel historia til landa på same måten som fagspråk uttrykkjer innsikt og røynsle i ulike yrke. Språk og ord er stadig i endring, og kvar generasjon gir sine tilskot. Ingen talar eller skriv likt gjennom heile livet. Det språket ein utviklar, set grenser for det ein kan forstå og uttrykkje - og det set grenser mellom grupper og land. Språkutvikling er nær knytt til forming av personlegdommen. Språk blir skapt i eit tett samspel med andre. Norsk er eit identitetsfag. Ord er ikkje berre kjølige nemningar. Ord kan endre kjensler og sinnsstemningar - dei kan vekkje harme eller løyse ut humor, fortrylle oss eller gjere oss fortvila. Tydelegast kjem det til uttrykk i litteraturen, som gjer det mogeleg for oss å leve med i livet til andre, uavhengig av tid og stad. Dei djupt menneskelege spørsmåla i litteraturen gjeld oss alle - kven vi er og kvar vi høyrer til, einsemd og fellesskap, tryggleik og truslar, kjærleik og hat, lykke og liding, tillit og svik, krig og fred, rettferd og overgrep, makt og avmakt, heltar og skurkar, val og lagnad, liv og død - og om jorda vil overleve. Forteljingar, litteratur og dikting er ikkje berre lesestykke, men også lærestykke, fordi vi møter situasjonar, lagnader og val som verkar formande på vår eigen karakter - ja, på karakteren og psyken til alle dei som les dei same tekstane. Lesing og litteratur er derfor ei samanbindande kraft i samfunnet. Orda er nøkkelen til sinn og kjensler. Norsk er eit opplevingsfag. Språket, litteraturen og historia til ein nasjon skaper ein fellesskap som spenner over grupper og generasjonar. Lese- og skrivedugleik er derfor ikkje berre å skjøne bokstavar og ord, men også å forstå samanhengar og å fatte små vink. I omgrepet «allmenndanning» ligg føresetnaden om at sentrale røynsler må vere delte og felles - allmenne -, og at dei må vere aktivt tileigna. Skulen må gi eit slikt fundament både for å trekkje linjer bakover, for å motverke sosiale skilnader og for å byggje bruer mellom grupper i eit samfunn som har vorte meir internasjonalt og etnisk variert. Å utvikle ein trygg nasjonal identitet og ei kulturell opning mot andre gir oss djupare innsikt i vår eigen kultur og hjelper oss til å forstå kva verdi kulturen har for andre folk og land. Norsk er eit danningsfag. Skulen skal gjere elevane kjende med grunntema som det stadig blir spelt på i kulturen vår, både den nasjonale og den internasjonale. Spennvidda kan bli stor, frå Nirvana til Åsgard og frå Waterloo til Kardemomme by. Utvalet må nødvendigvis bli noko tilfeldig, men poenget er at det er felles, og at det kan utfyllast både med tillegg frå lærarane og elevane og med lokale innslag. Samtidig må stoffutvalet gjere det tydeleg at språket og dei førestellingane det ber, SIDE 111 NORSK
Skann 113 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 2

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 111». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/113/