SKARD English

Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966 s. 32 skann 34

32 Spørsmålet om den pedagogisk mest tenlege form for lærebøker er særs viktige. Som Kyrkje- og undervisningsdepartementet seier i St. meld. nr. 35 1957: «De er lite studert i vårt land, og departementet akter å be Norges almenvitenskapelige forskningsråd om å ta dem opp til vitenskapelig gransking. Det er viktig at de undervisningsmetoder som blir brukt, er effektive og hensiktsmessige. Det er like viktig at lærebøkene gir læreren et godt utvalg av lett anvendelig verktøy, og elevene den best mulige hjelp til opptrening av effektiv arbeidsmåte og til innlæring av kunnskaper.» Praktiske lærebokspørsmål for 9-årig skole er tekne opp i under visningsplanene for kvar fagsektor. Hjelperåder av ymse slag som no står til rådvelde for undervisninga i den humanistiske, den naturvitskaplege, den estetisk-praktiske sektoren, er blitt naudsynte aktiviseringsråder for allmennskolen i det moderne samfunnet. Dei nye hjelperådene er ikkje komne i staden for læraren; heller ikkje har dei gjort arbeidet for læraren lettare. Dei har, forutan å setje spesielle krav til innreiing av skolebygg, reist nye problem for den daglege skoleleiinga. Den pedagogiske skoleleiinga ber ansvar for at skolen blir driven best mogleg i samsvar med dei siktemål som er sette. Dette krev samarbeid med lærarkollegiet, delegering av oppgåver, samordning av tiltak, møte med lærarane, samtiltak med elevane og samarbeid med heimane og med lokale styremakter. Særleg ungdomsskolesteget er ei utfordring til leiar og lærarar. Sjølve programmet for skolen bryt på ymis vis med det tradisjonelle skoleopplegget for tilsvarande alderssteg. Nye fag-metodiske vegar er opna. For fleire fagsektorar er undervisningsplanar utarbeidde som byggjer på prinsippet om pedagogisk integrasjon. Undervisningsplanane og det nye som skolen fører med seg, gjer det påkravt at lærarane seg imellom kan få del i kvarandres røynsler og synsmåtar, t. d. i konferansar, i kollegiale møte eller i studieringar. Forsøksverksemd set særlege krav til læraren. Han må ha pedagogisk initiativ og fantasi, kunne leggje opp si undervisning etter ei målsetjing, kunne organisere arbeid og tiltak, dvs. ha evne til praktisk arbeidsleiing i skolestova og i sjølve skolesamfunnet.
Skann 34 av Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966, s. 32». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-1966-komplett/s/34/