SKARD English

Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966 s. 33 skann 35

Tiltak som gjeld elevflokken ved skolen, skolen og miljøet ikring, kallar særleg på initiativet til leiar og lærarar. Dette vil ikkje minst vere tiltak innetter til religiøs, moralsk, fysisk, estetisk og sosial oppseding, og praktiske samarbeidstiltak utetter for skole og heim, skole og trafikkstyremakter, skole og yrkesliv. Skolane bør nytte ut dei vilkår som finst på staden og syte for turvande planlegging. Skal den 9-årige skolen makte si oppgåve, er det viktig at leiar og lærar er personleg engasjerte når det gjeld dei mål som er sette for skolen, dei elevar som går i skolen, dei verdiar og den kulturtradisjon som dei skal føre vidare til elevane sine. Dei må «øyne idealet bak sitt virke.» * Når det gjeld krava til læremiddel, viser ein til «Minstekrav til innbo og læremidler i folkeskolen» frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet og til «Vedlegg til Læreplan for forsøk med 9-årig skole» (Oslo 1961) frå Forsøksrådet for skoleverket. 3 vn
Skann 35 av Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966, s. 33». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-1966-komplett/s/35/