SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 229 skann 233

Syntaks♦ Enda elevane frå norrønt skal kjenne til syntoxti drag som kasusbruk, subjektlause setningar, ellipse c.i., må ein rekne med i førstninga å måtte forklare slike vanskar etter kvart som ein støyter på dei. Meir systemati arbeid med syntaksen ventar ein med til seinare . /.«ntc. Tekstlesing. Ein byrjar med stutte tekstar med eit ordfang som for det meste er kjent frå norsk og norrønt. Like ve. vil ein møte mange ukjente ord eller ordtydingar. Elevane må frå første stund øvast opp til å skrive gloser på ein slik måte at dei seinare kan ha nytte av glosesamlingane. Det vil seie at dei må notere glosa med den bøying ho har og med dei tydingar som er aktuelle. Øving i god notatteknikk trengst her som elles. Etter kvart som ein kjem i gang med tyngre tekstar, må elevane venjast til å bruke ordbok ved sida av læreboka. Ordboka vil vere særleg nyttig ved det moderne ordfanget. Elevane vil sjå korleis gamle ordstomnar blir nytta til å lage nye ord for nye omgrep. Dei får med same oversyn over avleiingar og samansetjingar med orda. I samband med studiet av nye ord må ein og kome inn på noko orddanningslære, både eldre former for avleiing og nyare ordlaging. Ein må og gi elevane kjennskap til bakgrunnen for den ordlaging som skjer i islandsk. I det heile må ein leggje vekt på at islandsk er eit fullt ut moderne mål trass i den samanheng det har med norrønt. Skriftleg» Etter kvart går ein over frå reine språkøvingar til omsetjing av islandske tekstar til norsk. Det kan høve med faste skriftlege øvingar kvar 3» veke. Mot slutten av kurset vil ein ha bruk for nokre lengre øvingar som krev meir tid. Ein kan variere mellom noko lettare tekstar der ein berre treng gi opp ukjende ord, og noko tyngre tekstar der ein lar elevane få nytte ordbok. Omsetjinga kan gå til bokmål eller nynorsk. Språkleg og stilistisk vil det falle lettast å omsetje til nynorsk. I alle høve må ein krevje av omsetjinga at ho er følgje streng og god språkleg. Til omsetjinga knyter ein av og til nokre språklege sttfr; mål. Det kan vere å gjere greie for tøying eller bruk av einskilde ord, syntaktiske problem eller moment frå crddanningslæra.
Skann 233 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 229». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/233/