SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 230 skann 234

230 Det vil krevje tolleg mykje arbeid å tileigne seg dei kunnskapane i språkbygnad, syntaks og ordfang i islandsk som vil trengast til å nå målet å kunne lese og skjøne vanlege tekstar nokolunde lett. Det vil derfor bli eit vanskeleg spørsmål for læraren kor langt han skal gå med arbeidet med språket i tekstane. På den eine sida må han akte seg for å drepe all interesse for faget med altfor mykje tørt pugg. På den andre sida må han krevje at elevane blir tolleg støe i bøyingssystemet og tileignar seg eit rimeleg stort ordforråd. Læraren må ikkje prøve å forklare alt £ tekstene på same tid. Kan må gjere seg opp ein fast plan for det språklege arbeidet og til kvar tid vite kva for fenomen han vil at elevane skal feste seg ved- Så langt han kan, må han nytte ut den naturlege interessa for eit nytt og eigenarta mål, og prøve å få elevane til sjølve å finne fram til systemet og samanhengen i språket. Enda ein slik framgangsmåte vil krevje meir tid, vil opplevinga ved at dei sjølve oppdagar samanhengen, stimulere elevane i arbeidet med språket. EVALUERINGA 5.1» Evalueringa i det jamne skulearbeidet skal tene til å for* telje eleven» og læraren, korleis eleven står i faget og kva framgang han gjer. Eleven må få kjennskap til kva grunnlag læraren byggjer vurderinga si på. Evalueringa må ikkje få slik form eller slikt roar at ho hindrar arbeidet for å nå målet som er sett for faget. Målet for faget er at eleven skal tileigne seg god uttale i islandsk* og god forståing av det han høyrer eller les av islandsk» Han skal og få kunnskap om språkbygnaden og nokp kjennskap til islandsk kultur og litteratur» Dei konkrete kunnskapane i målet lar seg lettast måle i det daglege arbeidet og i skriftlege prøver. Men evna til å ta seg fram i eit framandt mål, opplevinga av ein sær* merkt og nærskyld kultur og av det fellesskap som har vore og framleis er mellom islandsk og norsk, høyrer og med til det som arbeidet med faget skal gi. Evalueringa må ikkje ta slik, form at desse sidene ved faget kjem for mykje i bakgrunnen.
Skann 234 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 230». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/234/