SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 228 skann 232

U.2. ♦ 229 * Arbeidet med islandsk vil utvikle vidare evna til å lese systematisk, venje seg til å leggje merke til språklege detaljar og til samanhengen i språket. Men arbeidet vil og utvikle språkleg teft og fantasi. Elevane må lære seg til å følgje den tankegangen som ligg bak utviklinga frå konkrete nemningar til abstrakte omgrep på nye område. Opplevinga med alle dei nylaga orda i islandsk vil føre til tankar om norsk språkutvikling og til jamføring mellom dei to målsyn som ligg attom. I islandsk som i norrønt må det språklege arbeidet utvikle både disiplin og intuisjon hos elevane. Einskilde drag ved arbeidsmåten. Lydlæra. Arbeidet med lydlæra blir konsentrert til den første tida, men seinare og må ein vere på vakt så ikkje den uttalen som er innøvd, glir ut. Elevane må under heile kurset få høve til å korrigere uttalen sin ved å høyre på islandske originalopptak. Særleg bør ein vere merksam på tilfelle der norsk har lydar som ligg nær, men ikkje fell heilt saman med dei tilsvarande islandske (t.d. ei - ai» au-lyden, jfr. uttalen i Hardanger, Sogn og på Voss» konsonantar som g og k framfor linne lydar, bruk av stemmelause konsonantar osv.)» Ein må leggje vekt på tonelag og setningsmelodi. Her vil lydband med inntala islandske tekster vere til god hjelp. Uttaletreninga vil krevje at ein gjennom heile kurset driv mykje med høgtlesing» Bøyingslæra. Ein vil her kunne rekne med at elevane kjenner hovuddraga i bøyingslæra frå norrøn-kurset. Ein del repetisjon vil vere naudsynt» Det gjeld og lydlovene i norrønt (i- og u-omlydane osv») og korleis dei syner seg i bøyingsverket. Elevane må sjølve få finne fram til likskapar og ulikskapar mellom islandsk og norrønt. Elles må ein rekne med at kunnskapane om bøyinga stadig må friskast opp og haldast ved like» Her er det nyttig med små skriftlege øvingar på islandsk» Det kan vere t.d. utfyllingsøvingar eller strukturøvingar der elevane skal bruke ein oppgjeven struktur på nye tilfelle*
Skann 232 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 228». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/232/