SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 220 skann 224

220 litteraturen og andre sider ved norrøn kultur. I nokon monn skal han og sjå sambandet mellom norrønt mål og norrøn kultur og bygdemål og bygdekultur i nyare tid. I den monn arbeidet med slike emne blir utført som gruppearbeid eller som særskilde arbeidsoppgåver, må evalueringa og gjelde elevens evne til å leggje stoffet greitt fram, eller eventuelt til å gjere seg nytte av det andre elevar legg fram i slike oppgåver. b) Eksamen. Eksamen kan vere skriftleg og/eller munnleg. Skriftleg eksamen med sentralt organisert sensur vil verke karakterstabiliserande og hjelpe til med å gi ei landsgyldig evaluering. Fellessensur av skriftlege arbeid vil tene til rettleiing for lærarane om kva dei skal leggje vekt på z og kor strenge krav dei skal setje. Både eksamensoppgåvene og sensuren vil såleis verke normgjevande for undervisninga. Ein må difor akte seg for å gjere ramma for eksamen så trong at ho verkar hindrande for den fridom i undervisningsformer som planen føreset. Skriftleg eksamen vil gi eit mål for a) - evna til å skjøne ein norrøn tekst. I det ligg evna til å oppfatte teksten intuitivt ut frå den kunnskap kandidaten har om det norrøne målet, og frå den innleving i stoffet som han kan makte. Men her blir det og tale om hans kunnskap om norrøn grammatikk og hans evne til å kontrollere omsetjinga ut frå ein grammatisk analyse av samanhengen. b) - evna til å gi att teksten i ei god omsetjing med ei naturleg og god målføring. Omsetjinga kan vere til bokmål eller nynorsk. I båe høve vil ein krevje ei rett og god målføring. Stilbrot og reine språkfeilar må dra karakteren ned. Til kravet om ei god omsetjing høyrer og at kandidaten har makta å velje ei bestemt omsetjing av eit uttrykk og ikkje vinglar mellom fleire alternativ. Omsetjinga skal kunne stå for seg sjølv utan forklaringar. Tydingsnyansar som t.d. ligg i ein konjunktiv, ein bestemt kasusbruk o.l. må også kome fram i omsetjinga.
Skann 224 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 220». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/224/