SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 219 skann 223

219 reale tilhøve. Elles må læraren vurdere den interesse og aktivitet eleven syner i timane. Eventuelle særoppgåver og utgreiingar om kulturhistoriske emne med tilknyting til norrønt skal og telje med i det inntrykket som vil munne ut i ein samla standpunktkarakter. Det er etter dette som her er nemnt, klart at standpunktkarakteren vil byggje på eit breitt grunnlag, og vil gi eit meir fyldig samla uttrykk for elevens stode i norrønt enn ei eventuell eksamensprøve kari gi. Den må i hovudsak vere ei prøve i det pensum som er lese intensivt, med utfyllande spørsmål i grammatikk. Da eventuelle særarbeid som eleven har’gjort, kan spele inn ved evalueringa, må eksaminator og sensor saman avgjere på kva måte prøva kan ta omsyn til slike særarbeid. 5.3. Evaluering i 5-timars kurset. a) S tandpunk 'tkcircik tsr» Det. er her tale om eit vidaregåande kurs som vil setje større krav til elevane. Med dette kurset følgjer faste skriftlege Øvingar som eventuelt skal føre fram til ei skriftleg eksamensprøve. Likevel ligg dei skriftlege øvingane så nær opp til arbeidet med munnleg at det ikkje er grunn til å gi meir enn ein karakter ved den endelege evalueringa. Denne standpunktkarakterei må byggje på det inntrykket læraren har fått både frå det munnlege arbeidet og dei skriftlege prøvene. Evalueringa skal gi eit uttrykk for korleis eleven står norrønt totalt sett. Dei same moment som er nemnde under 3-timars kurset, gjeld her og. Men krava må setjast høgre anten det er tale om tekstforståing, over syn over språksystemet eller saklege kommentarar til tekstane. Det må og leggjast vekt på evna til å nytte språkkunnskapane i arbeidet med ukjende tekstar slik ho syner seg ved dei skriftlege øvingane. På dette steget vil ein og setje større krav til elevens evne til å sjå norrønfaget i ein større samanheng. Gjennom ekstensiv lesnad, lesnad av omsett littematur osv. skal han få eit visst oversyn over den norrøne
Skann 223 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 219». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/223/