SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 221 skann 225

221 c) - kunnskapar om norrønt mål, kjennskap til lydutvik ling, bøyingsverk og syntaks. Her kan ein og få prøvd kandidatens evne til å jamføre med seinare utvikling i målføra. Til å kontrollere desse kunn skapane hos kandidaten kan ein nytte særskilte spørsmål til utmerkte ordformer i teksten. d) - kunnskap om realia i teksten og kjennskap til norrøn kulturbakgrunn. Her blir det og tale om kontrollspørsmål, helst knytte til teksten. Da omgrepet "norrøn kultur" er så omfattande, kan elevane ha svært ulike føresetnader for å svare på slike kontrollspørsmål, alt etter det dei har arbeidd med i faget. Spørsmåla må difor vere valde frå så sentrale område at ein kan gå ut frå at kandidatane har like føresetnader for å svare på dei. Både omsetjinga og kommentarane må telje med i evalueringa utan at ein kan gi faste reglar for kva vekt ein skal leggje på kvar del. Det er det samla inntrykk av svaret som må vere avgjerande for evalueringa. Munnleg eksamen vil gå ut på å lese opp, omsetje og kommentere eit stykke som er henta frå det intensive pensum. Kommentarane vil gjelde språklege eller reale moment i stykket, Kandidaten skal og kunne setje stykk' inn i ein større litteraturhistorisk eller kulturhistorisk samanheng. Eventuelle spørsmål som gjeld oversyn over norrøn litteratur eller kultur, skal hels ta utgangspunkt i den aktuelle teksten, men kan og knytast til den ekstensive lesnaden eller den omsette litteraturen kandidaten har lese. Kandidaten skal og prøvast i eit stykke ukjend tekst. Kandidaten skal ha høve til å dokumentere kva han har fått ut av arbeidet med særskilte arbeidsoppgåver. Eksaminator og sensor må på førehand avgjere i samråd på kva måte dette skal skje.
Skann 225 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 221». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/225/