SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 218 skann 222

5. EVALUERING 5.1. Evalueringa skal tene til å fortelje både elev og lærar korleis eleven står i faget, og kva framgang han har gjort. Eleven må få kjennskap til korleis læraren vurderer stoda hans til kvar tid og få vite kva grunnlag vurderinga hans byggjer på. Evalueringa må ikkje skje på ein slik måte at ho blir til hinder for å nå det mål som er sett for faget. Eitt mål for faget er det at elevane skal lære å lese og skjøne norrønt mål. Det føreset visse konkrete språklege kunnskapar og ein viss tame som heller lett lar seg måle i det daglege arbeidet og i skriftlege prøver. Men tanken med norrønfaget er og at elevane skal oppleve norrøn kultur som ei av røtene til vår eigen kultur. Kor djup denne opplevinga er, lar seg vanskeleg måle ? enda om den i nokon monn kan syne seg i den interesse elevane får for faget, og evna til å sjå det i ein vidare samanheng. Likevel må ikkje evalueringa i det jamne skulearbeidet og til eksamen føre til at den konkrete språkinnlæringa tar altfor stor plass. Ein må ikkje gløyme å leggje vekt på den opplevinga og modninga faget kan gi elevane. 5.2. E v a1uering i 3-timars kurset. Det blir gitt ein samla standpunktkarakter. Eventuell eksamensprøve skal vere munnleg. Evalueringa må byggje på det inntrykket læraren får av eleven i det jamne skulearbeidet, lesing, omsetjing, utgreiing om grammatiske former og reglar og eventuelle saklege kommentarar til tekstane. Mykje av dette vil vere reint "hugsestoff", men elevar som har lært dette, må gjennom evalueringa sjå at det løner seg å arbeidet med det. Likevel må ein og leggje vekt på at elevane lærer seg å bruke kunnskapane sine. For å prøve denne evna, må ein av og til la elevane få arbeide med tekstar som er ukjende på førehand. Innimellom må ein og gi skriftlege kontrollprøver med både kjende og ukjende tekstar. Til tekstane kan ein knyte spørsmål om språklege eller
Skann 222 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 218». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/222/