SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 214 skann 218

214 Arbeidsmåten i 3-timars kurset. Når ein legg plan for dette kurset, må ein ta omsyn både til dei elevane som vil nøye seg med norrønt som tilvalsfag, og til dei som vil halde fram med 5-timarskurset i 3. klasse. Det er ikkje lett å kombinere dette. Det er rimeleg å tenkje seg at dei som vil slutte av etter eitt år, er mindre språkleg interesserte enn dei som vil ta norrønt som studieretningsfag. Dei første kan ha valt kurset ut frå ei meir allmenn kulturhistorisk interesse. For å kome desse i møte, må ein passe på at kurset ikkje får eit for sterkt filologisk preg. Samstundes skal ein syte for at dei andre elevane får eit skikkeleg kunnskapsgrunnlag for 5-timarskurset. Konsekvensen av dette synest å vere at ein ikkje må gape over for mykje. Ein brukar ei godkjend lærebok i norrønt. Arbeidet vert konsentrert om eit tekstutval på 50-60 sider. Ved å arbeide intensivt med desse tekstane, skal elevane få oversyn over hovuddraga i norrøn formlære og nokon kjennskap til lydlære og syntaks. Det er føresetnaden at elevane skal lære mest mogeleg "i marka", dvs. gjennom aktivt arbeid med tekstane. Læraren må gi dei grammatiske og språkhistoriske forklaringane som er naudsynte til å forstå teksten. Desse kunnskapane må ein jamt aktivisere i tekstlesinga. A skape ein høveleg progresjon på dette steget er ikkje lett. Alt i dei første, enkle tekstane kan det dukke opp språklege fenomen som er vanskelege å forklare for nybyrjarar. Læraren må ikkje gjere den feiler å prøve å forklare alt på ein gong. Når ein tek fatt på dei første tekstane, må ein ha lagt ein plan for det grammatikk-stoffet ein vil øve inn. Det kan vere naturleg å konsentrere seg om substantiv, pronomen og adjektiv i første omgang. Men alt på dette stadiet må ein forklare visse særdrag ved setningslæra som valdar elevane hovudbry. Det gjeld først og fremst ordstilling, subjektlause setningar og elliptiske uttrykksmåtar.
Skann 218 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 2

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 214». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/218/