SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 209 skann 213

209 Innhaldet i det tekstutval som elevane arbeider med, skal gi dei ei innføring i den norrøne kulturen. Tekstutvalet må vere så variert at det dekkjer dei viktigast sidene ved denne kulturen. Litteraturhistoriske og kulturhistoriske merknader må først og fremst knytast til dei tekstane elevane gjennomgår. 3. EMNEPLAN 3.1. Krav til utvalet av fagstoff som følgjer av målet Det første året vil hovudvekta liggje på å lære å lese og forstå norrønt mål. Utvalet av fagstoff må gi høve til ein naturleg progresjon i innlæringa av grammatikk og ordtilfang. Tekstane må først og fremst veljast med tanke på den språklege utforminga. Men tekstane skal og gi eit førsteinntrykk av norrønt samfunnsliv og kulturliv. Dei skal ikkje berre fungere som språkleg arbeidsmateriale. Under gjennomgåinga skal elevane oppleve noko av det særmerkte ved den gamle kulturen. Også andre året vil den språklege sida av faget vege tungt. Elevane skal no møte tekstar som er henta rett frå den norrøne litteraturen utan større tilrettelegging for skulebruk, bortsett frå ei normalisering av skrivemåten. Det vil krevje meir sjølvstendig og systematisk arbeid av dei, men dei vil og få ei sterka: kjensle av at dei arbeider med "verkeleg" litteratur. For tekstutvalet andre året kjem det omsynet inn med langt større tyngd at utvalet skal gi eit nokolunde fyldig og rett bilete av norrøn kultur og litteratur. Den norrøne litteraturen er for omfattande til at ein kan rekne med å nå over alle sider av han i eit så kort kurs som dette.
Skann 213 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 209». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/213/