SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 25 skann 27

25 lærebøker, og derfor må ein førebels firma andre. Ein viser her til dei som er godkjende til bruk i realskulen (og gymnaset) i samsvar med dei nye leseplanane, som fylgjer same retningsliner som planane for framhaldsskulen, og som reknar med elevar på same alderssteg. //. Norsk. Føremålet er å gje elevane større evne til å nytta morsmålet både munnleg og skriftleg, og å auka kjennskapen til bokheimen vår og forfattarane våre. Det siste gjeld både bokmål og nynorsk. Litterære emne til gjennomgåing kan ein henta frå ei godkjend lesebok for ungdoms- eller realskulen, frå serskilde skuleutgåver av forfattarane våre, frå hefte for fri lesing, frå dagspressa osb. Biografisk tilfang og andre opplysningar tek ein med så langt det er naudsynt for å skjøna samanhengen. Ein bør og ta med prøver frå bokheimen i grannelanda våre. Til å øya opp evna til munnleg målbruk bør elevane få høve til å arbeida ut og føra fram foredrag og utgreiingar om sjølvvalde emne, eller emne som læraren tek ut for dei mellom aktuelt tilfang av interesse for elevane. Slike oppgåver kan ein og ta som gruppearbeid. Både lærar og elevar må vera merksame på at dette skal vera munnlege øvingar og ikkje ei form for avskrift eller stil til opplesing. Ordskifte og/eller samtale bør fylgja foredraget der det høver. Med sikte på rett målføring øver ein inn grammatikk gjennom skriftleg og munnleg analyse i tilknyting til ei stutt lærebok, gjerne den som elevane har nytta i folkeskulen. Dei kan då etter kvart fylla ut råma med nye døme. Har elevane engelsk i fagkrinsen, må planane for opplæringa i grammatikk leggjast i samråd med engelsklæraren. Ein øver inn dei viktigaste reglane for rettskriving og teiknsetjing. Læraren bør leggja vekt på å venja elevane til å ta seg fram sjølve i mållære, ordbøker og rettskrivingsordlister. Skriftleg målbruk blir øvd inn i stilar og arbeidsoppgåver med emne frå slikt som elevane kjenner av eiga røynsle, frå heimen, frå arbeidslivet, frå sport og friluftsliv, frå film, samferdsle, teknikk osb. Å venja elevane til moderne norsk ordval og ordlegging er ei viktig side i opplæringa i skriftleg målbruk. ///. Samfunnslære. Arbeidet går ut på å klårleggja for elevane plikter og rettar for ein borgar i det demokratiske samfunnet, og å vekkja ansvarskjensla deira for det samfunnet dei lever i. Ein tek for seg samfunnet som det no er og går inn på heim og huslyd, land og folk, arbeid og produksjon, kommune- og statsstyring, herunder skatt og finansar, domstolar, sosiale institusjonar, skuleverk og opplysningsarbeid, lag og samskipnader. Ein tek etter kvart med det em treng frå historie og geografi. Så langt råd er, bør elevane få høve til å
Skann 27 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 25». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/27/