SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 26 skann 28

26 sjå og høyra korleis det går for seg i Storting, kommunestyre, rettssal o. 1. Sjølve skulemiljøet skal vera slik at det styrkjer samfunnskjensla hos elevane (elevlag o. 1.). IV. Historie og geografi. Undervisninga i historie skal orientera elevane om korleis samfunnet har vakse fram til i dag. Ein må derfor leggja hovudvekta på vår eiga tid og <let historiske grunnlaget for den i det 19. og 20. hundreåret. Frå tidlegare tid tek ein berre med det ein finn heilt naudsynt. Dette gjeld og norsk historie. Elevane må få kjennskap til den franske revolusjonen, den tekniske og industrielle revolusjonen, den sosiale utviklinga i det 19. hundreåret, liberalismen, parlamentarismen, arbeidarrørsla, 1. verdskrigen, mellomkrigstida, 2. verdskrigen, den økonomiske utviklinga, vitskap og teknikk i vår tid. Dei sameinte nasjonane og fredssaka. Ein freistar å få elevane til å sjå årsaker til hendingane og verknaden for vårt land. I norsk historie tek ein dessutan med det som er sermerkt for utviklinga i vårt land og som er serleg viktig for å kjenna det norske samfunnet i dag. I dei skulane der ein har både historie og samfunnslære, bør «in sjå dei to faga i samanheng slik at historia blir til stønad for opplæringa i samfunnskunnskap. I lærebøker og undervisning i historie må ein leggja vekt på at framstillinga blir einfelt og konkret, men levande. På det alderssteget elevane i framhaldsskulen står, må ein så langt råd er samla framstillinga kring einskilde hendingar og personar. Av vanleg geografi tek ein med det ein har bruk for til stønad for opplæringa i samfunnslære, historie eller andre fag. Økonomisk geografi er eit verdfullt hjelpefag både for norsk stil, historie, samfunnslære og naturfag (fysikk og kjemi). V. Helselære og naturfag. Føremålet er å setja elevane inn i dei viktigaste lovene i fysikk og kjemi og gje dei kjennskap til korleis desse lovene blir nytta ut i det praktiske livet. Serleg om å gjera er det å få med det som gjev grunnlag for helselæra. Av fysikk må ein fyrst friska opp att det som er lært i folkeskulen i den mon det trengst. Eksplosjonsmotoren, induksjonsstraumar, kraftverk og elektriske apparat til vanleg bruk i heim og på arbeidsplass bør elevane få fullnøyande kunnskap om. Av kjemi bør elevane helst få kunnskap om det som kan tena til stønad for andre fag i skulen: Vatn, luft, oksyd, forbrenning, syrer, basar, salt, kolto, brennefang, kolhydrat, feitt, eggekvite, vitamin og eit oversyn over den kjemiske industrien i Noreg. All opplæring i naturfag må byggja på elevøvingar, eksperiment og praktisk arbeid med læreemnet. Det er derfor føresetnaden at framhaldsskulen
Skann 28 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 26». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/28/