SKARD English

Framhaldsskulen: lov og plan, 1946 s. 24 skann 26

24 C. Undervisningsplanar. I samsvar med dei ålmenne retningslinene for arbeidskuleopplæringa i våre ålmenndanande skular har ein her sett opp lese- og undervisningsplanar for dei faga som er nemnde i fag- og timebytepl anane for framhaldsskulen. Planane gjeld l-årsskulen. For heilårsskular som varer i 2 år er ikkje sett opp det ein kallar undervisningsplanar for 2. klassa. Ein har gått ut frå at ein må setja opp slike planar kvar for seg der det blir bruk for det, og at 2. klassa byggjer på den 1. klassa som er skipa. (Lova § 2.) Departementet vil seinare setja opp meir utførlege normalplanar for slike skular. I og med at framhaldsskulen skal vera ein sjølvstendig skule, må ein syta for serskilde og høvelege lærebøker snarast råd er. Men førebels får ein i stor mon nytta bøker som er utarbeidde og godkjende til bruk i realskulen, fag- og yrkesskulen, ungdomsskulen o. a. /. Kristendomskunnskap (med morallære). I dette og dei andre orienteringsfaga skal det ikkje vera lekselesing og leksehøyring i vanleg meining. Timane i kristendomskunnskap bør ein nytta til utgreiingar, foredrag og frie samtaler om religiøse, etiske og moralske emne med sikte på ein moralsk påverknad på elevane, så dei finn fram til gode grunnsetningar for livsførsla si. Så langt tida rekk, kan ein lesa bolkar i Det nye testamentet, gå igjennom stoff frå kyrkjesoga om viktige hendingar og om framståande menn og kvinner, serleg i nyare tid. Læraren må vera merksam på at elevane kjem frå ulike heimar med ulikt syn i spørsmål som kjem fram i undervisninga i kristendomskunnskap. Han må vera varsam så han ikkje kjem med noko som kan verka som sårande åtak på syn og kjensler hos andre, og halda fram for elevane at dei må vera tolsame og skjønsame mot menneske som tenkjer annleis enn dei sjølve. Serleg viktig er det å undervisa i kristendomskunnskap slik at opplæringa — utan å tapa i alvor og fastleik — ikkje kjem i motstrid til kravet i vår tid om tankefridom for kvart einskilt menneske. Ein må akta seg for å handsama emnet såleis at lærehugen og interessa hos elevane dovnar av og den religiøse og etiske* verknaden veiknar. Derfor må det ikkje bli ein mekanisk repetisjon av det som er gjennomgått i folkeskulen, jamvel om det syner seg at elevane har gløymt meir eller mindre av leksestoffet. Ikkje minst i dette faget gjeld den regelen, at dersom det er naudsynt å friska opp noko av det som er lært i folkeskulen, skal det falla naturleg inn i den råma som undervisninga på dette høgre steget skal fylla. Dette bør ein og ta omsyn til når ein vel hjelpe- og lærebøker til undervisninga. Sjølvsagt bør kvar elev ha sin Bibel og si salmebok. Til stønad for samtalene og den frie undervisninga i det heile er det nyttig for elevane å ha høvelege bøker. Men det vil ta tid å skaffa framhaldsskulen serskilde
Skann 26 av Framhaldsskulen: lov og plan, 1946
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Framhaldsskulen: lov og plan, 1946, s. 24». Versjon 2026-09-28. /planer/1946/framhaldsskolen-lov-og-plan-1947-nynorsk-komplett/s/26/