SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 79 skann 81

arbeid som kunne kome inn under faget historie og samfunnslære. Eit slikt samarbeid mellom lærarane skulle dessutan vere ei trygd mot ei for sterk utnytting av arbeidskrafta til elevane. Eit samarbeid innanfor kollegiet på skolen og med kollegaer på andre skolar i landsluten, med bibliotek og muséum, med institusjonar og interesserte personar skulle, når ein attåt har pedagogiske hjelperåder, by på rikelege vilkår for serarbeid i historie og samfunnslære. Om emnevalet kan ein elles seie reint ålment: Dersom ikkje andre omsyn krev det, bør ein helst av omsyn til samanhengen i undervisninga ta serarbeid som høver til det pensum elevane arbeider med på kvart steg. Dersom emnet er slik at ein kan dra rikshistoriske eller ålmennhistoriske slutningar av det, bør ein ta seroppgåva før lærebokgjennomgåinga. Dersom eleven skal lære å sjå og lite på seg sjølv når han skal prøve å dra slutningar, bør ein helst ikkje fyrst og fremst byggje serarbeida på historisk litteratur, men på høvelege historiske kjelder. Dersom ein brukar historisk litteratur, bør ein freiste å få eleven til å nytte fleire verk og samanlikne. Ein bør leggje vinn på å avgrense og konkretisere oppgåva. Helst bør kvar elev prøve seg med i alle fall eitt serarbeid i samband med historie og samfunnslære I. Alle elevar skal gjera minst eitt serarbeid i samband med historie og samfunnslære II. Arbeidsplan Klasse III og IV Hovudsaka på dette steget må vere at eleven lærer å sjå og å gjere greie for emnet. Emne som bør kome på tale, er arkeologi, sogelitteratur, lokalhistorie, kommunestyring og emne i samband med verdshistoria. Arkeologiske og lokalhistoriske oppgåver bør ein gje slik at eleven kan byggje på fortidsminnesmerke i muséum og ute i marka, på bilettilfang, historiske dokument og lokal tradisjon av ymse slag, og slik at han òg kan kome inn på t. d. samanhengen mellom historie og geografiske vilkår eller mellom lokalhistorie og rikshistorie. Om skole og muséum, sjå «Den høgre skolen» 1949, s. 348 flg. og s. 374 flg. Når det gjeld sogelitteraturen, er det naturleg å samarbeide med norsklæraren om oppgåver. Når det gjeld samfunnslæra, byd det kommunale livet på ei mengd med konkrete oppgåver. Heile kommunestyringa kan ein ta induktivt med seroppgåver. Døme: Oversyn over kommunale til- — 79 —
Skann 81 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 2

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 79». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/81/