SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 78 skann 80

I historieromet skal det vere: Historiske kart og atlas i klassesett; historisk biletilfang, t. d. plansjeverk som syner kulturvokster, levemåte, næringsvegar, stilslag osb., og kunstreproduksjonar; lysbilete, filmar og filmstrips; vanlege oppslagsbøker, leksika, oversynsverk; statistiske publikasjonar, t. d. klassesett av Norsk statistisk årbok; statsbudsjett, nasjonalbudsjett, stortingsmeldingar, kommunalbudsjett; tidskrift, t.d. Norsk historisk tidskrift, Samtiden, Internasjonal politikk, Tidens ekko, meldingar frå Dei sameinte nasjonane o. l.; historiske dokument og tekster; lokalhistorisk arkiv bygt på samling av avisklipp o. l. Serarbeid i historie og samfunnslære Ved sida av å gje orientering skal undervisninga i historie og samfunnslære auke arbeidsdugleiken til elevane. Det kan ein gjere ikkje berre med å øve dei opp til rasjonell arbeidsmåte når dei har for seg lærebøker og annan lesnad, men òg med å la dei få prøve små etterrøkingar og serarbeid på eiga hand. Slike serarbeid skal dessutan gje elevane ein tokke av det mangfelte livet som ligg attom den meir eller mindre einfelte framstellinga i historiebøkene, og gje dei høve til å lære kva slags kjeldetilfang historieskrivaren må byggje på, til å bruke evna til å sjå, samanlikne og dra slutningar. Emne Tilbøva ved skolane kringom i landet er ulike, og ymse emne kan kome på tale til serarbeid. Ein får i kvart høve velje slik arbeid som vilkåra ligg til rette for. Plankomitéen, innst. II, s. 55, har peika på at lokalhistoriske emne høver framifrå til serarbeid. Med tanke på slike arbeid bør difor kvar skole kartleggje sitt omland og leggje ekskursjonsplanar som kan gje tildriv til vidare arbeid med emne som arkeologi, busetjing, stadnamn, gamal og ny bondekultur (byggjemåte, reiskapsbruk, driftsmåte, sæterbruk, bondekunst, fiske, fangst, båtbruk, handel, samferdsle, skogbruk, gruvedrift, gamal og ny bykultur, handverk, kjøpmannskap, verksdrift, lagsliv, byinstitusjonar, byborgarar). Andre høvelege emne er «lengdesnitt» gjennom historia, dagsaktuelt i historisk lys, konfrontasjon med historia gjennom tekster, biografiske emne og emne frå folkeminne, kunst, litteratur, musikk; dessutan emne frå økonomi og politikk. Eit samarbeid mellom lærarane ved kvar skole i norsk, geografi, kristendomskunnskap, framandspråk, serleg i engelsk på engelsklina, og i andre fag kan gje eit skiftande utval av emne til ser- — 78 —
Skann 80 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 2

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 78». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/80/