SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959 s. 77 skann 79

king gjev mest mogleg i samanheng den indre voksteren i Noreg i tida før 1814, dei vilkår, hendingar og krefter som førde til frigjeringsverket, og hovuddrag og hovudpersonar i norsk historie i det 19. og 20. hundreåret. Arkeologien, den indre norske voksteren i det 18., 19. og 20. hundreåret, og samanhengen mellom Noreg og dei andre nordiske landa i tider då grannelandshistoria grip avgjerande inn i den norske historia, bør få noko breiare rom enn i læreboka for realskolen. III. I avgangsklassen skal ein ha ei lærebok i verdshistoria frå 1815 til vår eiga tid på om lag 150 sider. Hovudvekta legg ein på tida frå 1848 og frametter. Ein kan byggje framstellinga opp periodevis, som har vori det vanlege, eller etter visse parallelle hovudliner, som t. d. 1) nasjonalitetstanke og sjølvstendestrid, 2) teknikk og samfunnsvokster, 3) striden om den sosiale velferdsstaten (liberalisme, sosialisme, internasjonalisme), 4) imperialisme, 5) åndelege straumdrag. IV. Dessutan skal ein ha ei lærebok i samfunnslære på om lag 100 sider, dvs. noko større enn læreboka for realskolen. Boka skal gje eit grunnrit av norsk styreskipnad, styringsverk og samfunnsbygnad, noko om privatretten, ei rettleiing i bruk av statistisk materiale og ei innføring i hovuddrag av sosialøkonomien, og vere høveleg for ei arbeidsskoleundervisning på gymnassteget. Om framstellingsmåten i lærebøkene viser ein til Plankomitéen, innst. II. s. 55. Ein må ikkje i dei vanlege lærebøkene leggje fram tilfanget i ei så samantrengd form at elevane har vanskar med å få tak i det. Ein samlar seg om hovudliner og hovudpersonar, prøver å få med konkrete detaljar, bilete, diagram, kart o. l. som kan illustrere hovudsaka, og legg vekt på å få ei framstelling som fangar hugen til elevane og kan få noko å seie for tanke- og kjensleliv hos dei. Pedagogiske hjelperåder Eitt rom på skolen skal vere slik innreitt at det kan vere lesestove og arbeidsrom til opplæringa i historie og nærskylde fag. Romet bør ikkje ha pultar og kateter, men bord, einskildmanns- eller tomannsbord, som ein lett kan skyve saman til møte- eller arbeidsbord. I staden for kateter bør ein ha eit foredragsbord med lampe og plate til bruk for lærar og elevar. Romet skal ha hyller eller skåp for handbøker, plansjeverk, seriebøker og tidskrift. Det skal ha stativ og teppe for lysbilet- og filmapparat. Eit samarbeid mellom skole, kommunal kinematograf og lokalt skolefilmarkiv kan gje kvar skole høve til å rå seg filmapparat og filmar til undervisninga. — 77 —
Skann 79 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen · 3. opplag 1959, s. 77». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1959-komplett/s/79/